NRK Meny
Normal

Vil kutta i barnevern og psykisk helse

Bergen kommune ligg an til å gå 127 millionar i minus i forhold til det som er budsjettert. No vil byrådet kutta i fleire tilbod for å spara pengar.

Martin Smith-Sivertsen og Eiler Macody Lund om budsjettsprekken i Bergen

MÅ STRAMMA INN: Bergen kommune må no kutta i tilbodet til innbyggjarane for å spara pengar. Her er byrådsleiar Martin Smith-Sivertsen og finansbyråd Eiler Macody Lund.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Prognosane etter årets fire første månader viser at Bergen kommune ligg an til eit negativt budsjettavvik på 127 millionar kroner.

Byrådet legg fram forslag om lågare ytingar på ein del tenester, men satsar også 10 millionar kroner på velferdsteknologi.

Vil gjera tiltak for å halda budsjettet

I tertialrapporten blir det gjort greie for kva for tiltak som blir gjort på avdelingane for å redusera det forventa meirforbruket. Dette er nokon av punkta som vil gjennomførast.

  • Nye normer for tildeling av heimebaserte tenester
  • Redusera kostnader i barnevernstenesta.
  • Økonomisk sosialhjelp til klede etter 13 månader blir erstatta av behovsvurderingar frå 1. august.
  • Økonomisk sosialhjelp for barn frå og med barn nummer fire tatt bort.
  • Tilbod om tenester frå aktivitetssenter innan psykisk helse reduserast.
  • Lågare driftsnivå i enkelte parkar og byrom. Enkelte anlegg blir ikkje vedlikehaldet ut året.

Avvik på 0,4 prosent

Prognosane etter 1. tertial viser at kommunen ved årets slutt kan få eit resultat som er 127 millionar kroner svakare enn budsjettert. Av dette utgjer negative avvik 60,9 millionar kroner.

Byrådsavdelingane melder om 66,8 millionar kroner i meirforbruk på tenestene. Avviket utgjer 0,4 prosent av kommunens bruttobudsjett på 19 milliardar kroner.

– Bergen er i likskap med resten av Kommune-Noreg ramma av omstillingen vi ser i oljenæringa. I tertialrapporten varslar vi nokon kostnadsreduserande tiltak, samt ein vidareføring av kommunens restriktive innkjøps- og tilsettingspolitikk, seier finansbyråd Eiler Macody Lund.

I vedteke budsjett for 2015 har Bergen kommune rekna med eit positivt netto driftsresultat på 377 millionar kroner.

Siste video

Programleder: Jan Børge Leirvik
Programleder: Jan Børge Leirvik
Programleder: Jan Børge Leirvik