Titusenvis av rotter blei drepne i Bergen i fjor. No vil Miljøpartiet De Grønne (MDG) satsa på å utelukkande bruka giftfrie metodar, mellom anna ugler.
Sondre Båtstrand i MDG la fram eit forslag om dette i onsdagens bystyremøte.
– Gifta som blir brukt for å ta livet av rotter spreier seg også vidare i økosystemet, til dyr, jord og vatn. Ugler er ein veldig fin giftfri metode.
SISTE: Eit samrøystes bystyre i Bergen vedtok Sondre Båtstrand sitt forslag om å be byrådet leggje fram ein handlingsplan for rottebekjempelse med fokus på førebygging og giftfrie metodar.
– Fleire vellykka forsøk
– Eg har sett at det har vore vellykka forsøk med ugler fleire stadar. Her kan me la naturen ta ein del av jobben, men me må legga til rette for det.
Båtstrand trur at ein kan få ugler til å trekka inn til byen ved å setja ut uglekassar. Men han ser heller ikkje vekk ifrå at kommunen sjølv kan henta inn ugler i ein startfase, om det blir nødvendig.
– Det er fleire metodar som er moglege her, men i første omgang vil Bystyret be Byrådet om å legga fram ein handlingsplan med eksisterande og nye tiltak. Her skal dei ha fokus på førebygging og giftfrie metodar.
MDG-politikaren har ikkje fått tilbakemeldingar på den føreslådde uglesatsinga endå, men understrekar at han skal sørga for at «ugle-delen» av forslaget ikkje blir gløymt.
Positiv til giftfri rottekamp
– Den største forskjellen ein vil merka ved ei ugle-satsing, er at det blir færre rotter, seier Båtstrand som trur at innstillinga hans om giftfri rottekamp får full støtte.
Frode Thuland i skadedyrkontroll-selskapet Anticimex fortel at dei prøver å vera så giftfrie som mogleg. Blant anna ved å bruka feller som slår i hel rotter i kommar, og skyl dei vekk etterpå.
Thuland er positiv til Båtstrand sitt forslag om giftfri rottekamp i Bergen.
– Det er heilt som det skal vera, det. Det er andre kommunar som har gått inn for dette allereie, og me er eigentleg godt i gong i Bergen også.
Thuland er derimot meir usikker på ugle-satsinga som Båtstrand foreslår.
– Plutseleg får du for mange ugler. Me skal vera forsiktige med å rota oss opp i den balansen, trur eg. Men eg anar ikkje kor effektive ugler kan vera til dette føremålet.
- Les også: