Hopp til innhold

– Elbilen er ikkje syndaren

Sjølv om elbilane står for trafikkveksten i Bergen, vil ikkje politikarar og miljøvernarane fjerne gratis parkering og bompengar.

Elbil til lading

VIL IKKJE FJERNE FORDELANE: Sjølv om trafikken i Bergen auke med el-bilsuksessen, vil politikarar og miljøvernarar ikkje fjerne ordninga med gratis parkering og fritak frå bompengar.

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

– Eg synest det er feil å trekkje fram elbil som ein syndar. Det er bra at folk vel elbil føre forureinande bilar, seier Sara A. Vågenes i Natur og Ungdom.

Sjølv om trafikken i Bergen auker – og det er elbilane som står for auken – vil politikarar og miljøvernarar ikkje fjerne ordninga med gratis parkering og fritak frå bompengar.

Vil ikkje fjerne fordelane

I går fortalde NRK om nedgang i bensin- og dieselbilar som passerer bompengeringen, men at elbil-passeringane har auka så kraftig at den samla trafikken likevel gjekk opp.

Sara A Vågenes i Natur og Ungdom

BØR VELJE ELBIL: – Det er bra at folk vel elbil føre forureinande bilar, seier Sara A Vågenes i Natur og Ungdom.

Foto: Leif Rune Løland

Nestleiar i komité for miljø og utvikling i Bergen, Julie Andersland frå Venstre, vil likevel ikkje fjerne fordelane elbil-brukarane har.

– Vi meiner at det er positivt at det blir fleire elbilar. Sjølv om køane aukar, så må vi behalde elbil-ordningane. Vi treng fleire som køyrer elbil enn som køyrer diesel- eller bensinbil, seier Andersland.

– Feil å kalle elbil ein syndar

Når det gjeld gratis bompengar og sentrumsparkering er Natur og Ungdom på linje med Andersland i Venstre.

– Også elbilar skapar kø, men det er feil å kalle elbilen ein syndar. Talet på elbilar totalt er så liten at det er ikkje grunn til å gjere noko med fordelane, seier Andersland.

– Når er du villig til å revurdere det då?

Julie Andersland

IKKJE EIN SYNDAR: Nestleiar i komité for miljø og utvikling, Julie Andersland frå Venstre, vil ikkje fjerne fordelane el-bilbrukarane har.

Foto: NRK

– Då må elbil-delen bli atskilleg større enn den er i dag, seier Andersland.

Kor kjem elbil-førarane frå?

– Eg trur dei som køyrer elbil er dei som tidlegare har køyrt diesel- eller bensinbil, men det er og mogeleg at det er nokre mjuke trafikantar som har gått over til elbil fordi det er så attraktivt, seier Vågenes i Natur og Ungdom.

– Eg har litt problem med å forstå kor desse elbil-førarane kjem frå. Det treng vi ei betre forklaring på, seier Andersland.

Også Transportøkonomisk institutt veit for lite om korleis den vellukka satsinga på fordelar og støtteordningar for elbil, vil slå ut på sikt.

– Elbilane løyser mykje av problema når det gjeld forureining, men dei løyser ikkje plassproblema og problema med kø, seier instituttet sin kommunikasjonsleiar Harald Aas.