Hopp til innhold

Vil ikkje endre kraftinntekter

Fylkesmann Lars Sponheim er uroa over at kraftkommunar seier nei til samanslåing, og tar til orde for nye ordningar, men Eidfjord-ordførar Anved Johan Tveit ser inga grunn til å endra på kraftinntektene. – Det er veldig gode ordningar som har vart i hundre år, og eg ser ikkje nokon grunn til at dei skal endrast, seier Tveit til Hardanger Folkeblad.

Anved Johan Tveit
Foto: Tale Hauso / NRK