Hurtigtest for menn som har sex med menn

Talet på HIV-smitta er tredobla i visse grupper i Noreg dei siste ti åra, og menn som har sex med menn er mest utsett. No skal homofile i Bergen få tilbod om anonym hurtigtest.

Blodprøve

TILBYR HURTIGTEST: Ein rask blodprøve er alt som trengst for å avdekke Hivsmitte. No får menn som har sex med menn tilbod om anynom testing for smitten i Bergen, etter at organisasjonen Helseutvalget for Homofile i Oslo har tilbydd det same i halvtanna år.

Foto: Visual Media / Vismedia
Rolf Martin Angeltvedt

VIL TILBY HURTIGTEST I BERGEN: Rolf Angeltved, leiar i Helseutvalget for Homofile, fortel at det berre er ein liten minoritet blant menn som har sex med menn som er mest utsett for smitte. Han anbefaler dei å teste seg iallfall ein gong i året.

Foto: Heidi Fjørtoft Klokk / NRK

Så langt i år har 62 personar blitt registrert som HIV-smitta av Folkehelseinstituttet. I løpet av heile 2013 var talet 233.

Menn som har sex med menn utgjer den største gruppa. Totalt blir 80–90 smitta kvart år, noko som er ei tredobling samanlikna med åra før 2000.

Vil oppsøkje «cruising»-miljøa

I Oslo har organisasjonen Helseutvalget for Homofile i halvtanna år tilbydd anonym hurtigtest for Hivsmitte til dei som ønskjer det. Frå august kjem det same tilbodet til Bergen, fortel leiar i den frivillige organisasjonen, Rolf Martin Angeltvedt.

– Den gruppa vi ønskjer å nå, er ikkje nødvendigvis så enkel å få tak i. I Bergen vil vi opprette ein anonym stad midt i sentrum, slik at testinga blir lett tilgjengeleg. I tillegg til vi oppsøkje cruising-arenaer i byen.

«Cruising» er å køyre eller gå i eit område på jakt etter ein sexpartnar, der sexen oftast er rask og anonym. Ifølgje Angeltvedt finst det iallfall to-tre slike stader der menn møter andre menn for sex i Bergen, både utandørs i naturen og elles.

Flest i byane

Auken i talet på nye HIV-smitta i Noreg er størst i byane. Det er ei av årsakene til at Angeltvedt og Helseutvalget no etablerer tilbodet i Bergen.

– Tala i Bergen og Oslo er mykje høgare enn i resten av landet. Så vi ser at dette framleis er eit problem, og eit større problem enn vi skulle ønskje.

Målet med hurtigtest-tilbodet er enkelt: Å få ned terskelen for å teste seg.

– Vi vil at det å teste seg ikkje skal kjennast farleg.

– Men de risikerer å øydeleggja kvelden for folk, for eksempel på ein utestad?

–Ja, somme blir nok litt sjokka over tilbodet. Men i forhold til dagens medisinske situasjone er det jo ingen grunn til å late vere å teste seg, seier Angeltvedt, og viser til at moderne medisinar gjer det fullt mogeleg å leve med smitten og med sjukdomen AIDS.

Ønskjer tilbodet velkomen

daniel mekki

– Vi syns dette er ein god måte å nå dei gruppene vi har slite med å nå ei stund. Og erfaringane med tilbodet i Oslo viser at det har avdekka fleire tilfelle av Hivsmitte, seier Daniel Mekki, leiar i LLH i Bergen.

Foto: Marita Skeie / NRK

I Bergen ønskjer leiaren i Landsforeningen for lesbiske, homofile, bifile og transpersoner (LLH), Daniel Mekki, det nye tilbodet velkomen.

–Vi syns jo dette er eit godt tiltak. Det er ein del grupper vi har slite med å nå ei stund, og dette har fungert godt i Oslo, der hurtigtestane har avdekka fleire tilfelle av Hivsmitte.

I Oslo har allereie om lag 600 hurtigtestar blitt att, utan at den som testar seg, treng å gje opp verken namn eller noko anna identifiserande.

Og alt i løpet av 20 minuttar får ein eit svar som seier om det er sannsynleg at ein er smitta eller ikkje. Om testen er positiv, får ein time på sjukehus for å stadfeste smitten meir presist.

Ikkje lenger eit dødsbodskap

Ifølgje både Angeltvedt og Mekki finst det mange som vegrar seg får å teste seg, trass i at HIV ikkje lenger er den dødsdomen det var i åra etter at sjukdomen AIDS først dukka opp på 80-talet.

Men i nokre miljø, spesielt der ein møtes anonymt, er terskelen høg. Derfor håpar Mekki den nye hurtigtesten skal nå ut til fleire.

– Vi vil at det skal bli enklare og mindre skummelt å teste seg. Det er målet.

Siste video

Planetaten i Bergen kommune har lagt frem sitt forslag til ny trasé for Bybanen til Fyllingsdalen. Se hvordan de ser for seg den ti kilometer lange skinnegangen som vil koste minst 6,2 milliarder kroner.
En meteor eksploderte og brant opp i atmosfæren vest for Bergen i natt. De som var våken fikk seg et spektakulært show på nattehimmelen.
Har vunnet Statoil talentstipend på en million kroner.