Hopp til innhold

Vurderer å vrake tunnel på rasutsett strekning – ei passering kan koste 200 kroner

Den rasfarlege vegen skulle få heile raspotten på 670 millionar kroner. No kan tunnelen i Hardanger bli droppa på grunn av høge bompengar.

Ras Tokagjeldet

RAS I TOKAGJELET: Slik såg det ut etter at eit steinras knuste vegen for seks år sidan.

Foto: Halvor Folgerø / NRK

Det historiske veganlegget gjennom Tokagjelet i Kvam herad har kopla Hardanger til Bergen i over hundre år. På 1950-talet blei vegen utvida med fleire tunnelar.

Sidan har det skjedd lite, medan rasfaren har auka. I 2013 knuste eit massivt steinras heile vegen. Først over eitt år seinare opna den igjen for fri ferdsel mellom fjordregionen og Bergen.

Planen er å erstatte den rasutsette vegen med ein tunnel under Kvamskogen. Den har vist seg å bli dyrare enn fyrst antatt.

Minst 1,7 milliardar

Kostnadskalkylane som kom i oktober var ingen lystig lesnad. Prisen blir minst 1,7 milliardar kroner for det billegaste alternativet. Det kan bety ein pris for bompasseringar på 200 kroner kvar veg.

– Det er heilt uakseptabelt, seier ordførar Torgeir Næss (Ap) i Kvam herad.

– Om det ikkje kjem ytterlegare finansiering er det Arbeidarpartiet si meining at ein ikkje kan gå for ei tunnelløysing. Då må fylkeskommunen i staden ruste opp den eksisterande vegen gjennom Tokagjelet.

Dronebilder og opptak fra bil på vei gjennom tunnelene i Tokagjelet i Kvam herad. Bilder fra luften som viser fossen fra Longvotnovatnet, tunnelmunninger og biler som kjører på vegparsellen i retning Kvamskogen.

TOKAGJELET: Skaret mellom Kvamskogen og Steinsdalen i Kvam herad er både rasfarleg og bratt. Tett vegetasjon gjer det uråd å sjå alle farene, meiner geolog, som åvarar mot opprusting. FOTO: ALRIK VELSVIK

Har sett av 670 millionar

Fylket bad regjeringa om meir pengar i fjor haust. Ikkje minst fordi vegen er spesielt viktig ettersom den er omkøyringsveg når E16 er stengd mellom Voss og Bergen. Svaret var derimot nedslåande.

Sjølv har Hordaland fylkeskommune sett av heile rassikringspotten på 670 millionar kroner til å sikra vegen, men dette er ikkje nok pengar til ein tunnel. Det manglar framleis kring ein milliard for å kome i mål med det billigaste alternativet.

– Med eit slik resultat må kvar personbil betale kring 200 kroner i bompengar kvar gang den køyrer gjennom den nye tunnelen. I praksis blir den sentrale delen av Kvam på denne måten stengd av både for turistar og nyttetrafikk, seier Torgeir Næss.

– Det blir og svært dyrt å pendle mellom Kvam og Bergen.

Torgeir Næss (Ap)

SEIER NEI TIL HØGE BOMPENGAR: Torgeir Næss (Ap) er ordførar i Kvam.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Appellerer til Stortinget

Næss og varaordførar Frode Nygård (Frp) har no avtalt møte med Hordaland sine representantar på Stortinget. Håpet er å få på plass meir pengar til prosjektet frå staten.

Om ikkje det nyttar vil ein vurdere å skrote planane for ein tunnel og i staden bruke pengar til å utbetre den rasutsette vegen som ligg der i dag.

– Ikkje nok, meiner ekspertar

Ei slik løysing får liten støtte blant dei som kjenner til dei svært usikre grunnforholda i Tokagjelet.

– Sjølv om ein brukar enorme summar til sikring vil ein likevel stå igjen med ein betydeleg restrisiko, seier geolog Harald Hauso i Statens vegvesen.

Han meiner det kan gjerast enkle grep for å redusere rasfaren. Faren for nye skred vil likevel vere overhengande.

– Det er ròte fjell. Det er ein veg som er klint inn på ei hylle i bergveggen. Uheldige sprekker er dekka av mose og jord og det er eit svært uoversiktleg område.

Geolog Harald Hauso i Statens vegvesen

ER SKEPTISK: Harald Hauso er geolog i Statens vegvesen.

Foto: Jon Bolstad / NRK