Hopp til innhold

– Vi reiser til Sogndal for å vinna

Nyinnkjøpte Steffen Lie Skålevik har planar om å halde fram skåringsformen også i Brann. Første mogelegheit for meir nettsus får han mot Sogndal i kveld.

Steffen Lie Skålevik

NY SPISS: Brann henta Steffen Lie Skålevik frå Nest-Sotra i helga. 22-åringen har banka inn 10 mål for Nest-Sotra i 1. divisjon, og spissen har planar om å halde fram skåringsformen for Brann.

Foto: JANNE HÅLAND, BRANN.NO

Laster innhold, vennligst vent..

Den 22 år gamle spissen har banka inn ti mål for Nest-Sotra i 1. divisjon denne sesongen. Kanskje ikkje så rart at opprykksdesperate Brann sikra seg signaturen hans no i helga.

– Det er herleg. Dette er noko eg har jobba for ei god stund, så det følast veldig bra at det endeleg er i boks, seier Steffen Lie Skålevik om overgangen frå Nest til Brann.

Han har kun vore i klubben i to dagar, etter å ha signert for Brann laurdag. I kveld blir det elddåp for Skålevik når Brann møter tabelltopp Sogndal borte.

Frå botnkamp til toppkamp

Spissen veit ikkje om han får starta, men seier han uansett er klar for oppgåva.

– Det er nye utfordringar og nye krav som blir sett, men målet er å halda fram med å levera mål slik eg har gjort for Nest-Sotra. Målet for sesongen er å gjera det betre enn i fjor, seier Skålevik, som banka inn tolv mål for Nest-Sotra i 2014.

Medan Nest-Sotra slit i botn av 1. divisjon, handlar alt om opprykk til eliteserien for Brann.

– Det blir sjølvsagt noko heilt anna og det er noko eg ikkje er van med. Men eg gler meg veldig.

– Vi er her i Sogndal for å vinna. Det blir ein jamn og tøff match men vi er optimistiske. Vi skal køyre over dei på overgangar og vi skal vinna kampen på å villa mest.

Steffen Lie Skålevik

Steffen Lie Skålevik i aksjon for Nest-Sotra. Spissen skåra 12 mål i 1.divisjon i 2014. Til no i år har han netta ti gonger.

Foto: Ole-André Lagmandokk / NRK

Bakke på tribunen

Både Skålevik og den nylånte vingen Amadaiya Rennie er klare og med i Brann sin tropp i kveld. Brann.no skriv at følgande tropp har reist til Sogndal:

Kenneth Udjus, Piotr Leciejewski, Erlend Hanstveit, Eirik Birkelund, Vadim Demidov, Fredrik Haugen, Kasper Skaanes, Steffen Lie Skålevik, Alejandro Castro, Erik Huseklepp, Bismark Acosta, Viljar Vevatne, Azar Karadas, Ruben Kristiansen, Sivert Heltne Nilsen, Amadaiya Rennie, Kristoffer Barmen og Amin Nouri.

Verd å nemna for Sogndal sin del er at trenar Eirik Bakke har fått ein kamps karantene, etter å ha blitt vist vekk frå benken i 1–1 kampen borte mot Fredrikstad.

Revansje

Brann er nok ganske lystne på å gjera ein betre kamp enn då Sogndal vitja Stadion tidlegare denne sesongen. Saftkokarane stoppa ikkje før dei hadde fyrt fire ballar i nettet bak Brann-keeper Kenneth Udjus.

Brann.no skriv at Sogndal berre har tapt ein kamp på heimebane denne sesongen. Ein må tilbake til 2002 før ein finn ein Brann-siger på Fosshaugane, då raudtrøyene vann 3–2.

Bergensarane er nøydde til å få med seg eit poeng eller tre for å halda tritt med Sogndal i toppen av 1. divisjon. Før kampen har Sogndal 37 poeng medan Brann har 32 poeng.

Azar Karadas og Hannu Patronen i munnhoggeri

STORTAP: Brann rauk på eit 0-4 tap heime i førre kamp mot Sogndal. Her er Azar Karadas og Hannu Patronen i munnhoggeri.

Foto: Oddleif Løset / NRK