Vil ha tunnel forbi rasstaden

Ordføraren i Granvin føler seg ikkje trygg etter at 200 meter av riksvegen rasa ut førre veke.

Granvinvatnet

PÅ VEGARBEIDSPLASSEN: Vegen rasa plutseleg ut i Granvinsvatnet onsdag. Torsdag raste vegen framleis.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Som ein heilt vanleg innbyggjar veit eg ikkje om eg kjem til å tørre å tru på geoteknikarane om dei seier det er trygt å køyre der.

Det seier ordførar Ingebjørg Winjum i Granvin kommune om riksveg 13 langs Granvinsvatnet.

Onsdag førre veke rasa plutseleg 200 meter av vegen ut i Granvinsvatnet. Dagen etter raste vegen framleis. På staden jobbar Vegvesenet med å bygge den nye Jobergtunnelen.

Ingebjørg Winjum

I TVIL: Etter ei feilvurdering av grunnen i Granvinsvatnet føler ordførar Ingebjørg Winjum utrygg. Difor vil ho ha tunnel gjennom strekninga.

Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK

Vil forlenga tunnelen

Riksvegen rasa rett ved det sørgåande løpet av Jobergtunnelen. No vil ordføraren ha ein tunnel som går lengre i fjellet.

– Eg håpar verkeleg at dei at dei vurderer moglegheita.

Laster kart, vennligst vent...

LAUP NÆRME RASET: Det sørgåande laupet av Jobergtunnelen ligg ved Granvinsvatnet, like ved der riksveg 13 rasa ut.

Ho stiller seg kritisk til at geoteknikarar godkjende vegen som rasa.

– Ekspertane sa det skulle gå, men det gjorde det ikkje.

Ordføraren meiner difor tunnel er ei tryggare løysing.

– Eg er berre glad for at nokon ikkje var på vegen då den rasa, seier Winjum.

Vegen rasa ut i Granvinsvatnet

VEGEN RASA: 200 meter av riksveg 13 raste ut i Granvinsvatnet onsdag 27. april. Vegvesenet har innrømma ei feilvurdering av vegen.

Foto: Statens vegvesen

Tvilar på forlenging av Jobergtunnelen

Vegvesenet har innrømma at dei har feilvurdert grunnen der vegen rasa, men tvilar på tunnel som løysing.

– Det er førebels ingen endringar i planane etter raset, fortel prosjektleiar Lars Magnar Røneid.

Ras i Granvin

TUNNEL TRULEG UAKTUELT: Prosjektleiar Lars Magnar Røneid i Statens vegvesen tvilar på ei forlenging av Jobergtunnelen langs Granvinsvatnet.

Foto: Tale Hauso / NRK

Ei forlenging av Jobergtunnelen forbi Granvinsvatnet ikkje er vurdert.

– Ingenting er bestemt om ei permanent løysing av vegen, men vi tvilar på at ei forlenging av Jobergtunnelen vert aktuelt.

Satsar på ny veg med tunnelstein

Geoteknikarar skal snart bore og ta nye prøvar i Granvinsvatnet der raset gjekk.

– Vi håpar grunnen er så stabil at vi kan fylle tunnelstein for å bygge opp att delen av området som har rasa ut, fortel prosjektleiar Røneid i Vegvesenet.

grunnboringsrigg

BOREPRØVAR: Grunnboringsriggen borar langs fylkesvegen på Holven for å finne ut om ein eventuell omkøyringsveg er trygg. Geoteknikarar skal også ta nye prøvar i Granvinsvatnet.

Foto: Statens vegvesen

Han har tru på geoteknikarane denne gongen.

– Eg tippar at det som blir gjort no kjem til å halde, seier Røneid.

Siste video

Brann har inngått avtale med Nike - og med på kjøpet kommer helt nye røde trøyer.
I sesongens siste Skavlan er det duket for landskamp mellom Norge og Sverige: Hvem husker mest fra Skavlan-året? På norsk lag stiller Harald Eia og Josefine Pettersen.
Overvåkningsbilder viser hvordan en bilist kjørte inn inngangen på Fløibanen i Bergen.