Hopp til innhold

Tog Bergen-Stavanger: 45 minutt

Høgrepolitikar vil ha tog mellom Bergen og Stavanger. - Ingen god idé, meiner Herman Friele.

Tog
Foto: Cornelius Poppe / Scanpix

 

Øyvind Halleraker
Foto: Knut Falch / Scanpix

Stortingsrepresentant Øyvind Halleraker frå Høgre vil ha tog til 12 milliardar kroner mellom byane Bergen og Stavanger med ei reisetid på under ein time.

Men forslaget blir kjølig motteke av partifelle og ordførar i Bergen, Herman Friele.

Han vil heller ha ferjefri veg mellom vestlandsbyane.

- Galskap

Bystyrerepresentant og Ap-politikar Arne Jacobsen er endå tydelegare i sin kritikk av forslaget til Halleraker.

- Dette kan nemleg få omtale som eit galskapens prosjekt! rasar han.

Tenk deg å susa avgarde på skinner i 200 kilometer i timen gjennom Bergen, Stord, Haugesund og Stavanger. Turen ville teke 45 minutt, og vore raskare enn fly.

Stortingsrepresentant Øyvind Halleraker kallar det for ein visjon.

- Det er ein dristig tanke, men ein stor draum, seier han,og er førebudd på kritikk og latterreaksjonar.

Vekst for Vestlandet

Det er ein stor straum av reisande mellom Bergen og Stavanger. Det er argumentet for at ein jernbane vil løna seg.

Tanken er at eit hurtigtog kan gje ein kraftig vekst for Vestlandet.

Problemet for Ap-politikar Arne Jacobsen er at mange djupe fjordar gjer at mesteparten av togturen må gå i tunnel, kanskje så djupt som 600 meter.

- Folk vil ikkje rasa avgarde i ein undersjøisk tunnel. Dei vil sjå seg litt rundt, meiner han.

Halleraker har no bedt Jernbaneverket om hjelp til å rekna på om jernbane til Stavanger har noko for seg.

 

Herman Friele
Foto: Marit Hommedal / Scanpix

Friele vil heller køyra bil

Ordførar Herman Friele vil mykje heller ta fly, båt eller aller helst bil til nabobyen i sør.

- Eg liker å køyra bil i den flotte naturen. Dette med jernbanen får førebels henga i lufta, ler han.

Men mannen med visjonen, Øyvind Halleraker, avviser at draumen hans er eit luftslott.

- Folk plar trekkja litt på skuldrene når dei får servert nye idear dei ikkje har tenkt på før, meiner han.