Hopp til innhold

Vil ha Strax-huset i Rådhuset

Oddny Miljeteig frå SV meiner å ha funne svaret på kor Strax-huset bør liggja: i same bygg som ho sjølv jobbar.

Bergen rådhus

MIDT I SENTRUM: I dette bygget vil Oddny Miljeteig ha Straxhuset.

Foto: Alrik Velsvik/NRK

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Oddny Miljeteig

Oddny Miljeteig frå SV.

Foto: Ann Kristin Rykke / NRK

– Dette er eit heilt seriøst forslag, seier Miljeteig til ba.no.

– Eg har spelt inn eit forslag for byrådet at dersom alle andre lokaliseringsplanar for Strax-huset går skeis, så bør me opna for å flytta det til dei nederste etasjane i Rådhuset, seier ho.

Signaleffekt

Miljeteig, som er SV sin gruppeleiar i bystyret, ser fleire openbare fordelar med å nytta lokala som til dagleg husar byen sine politikarar.

– For det fyrste er det viktig med sentral plassering, og det har jo Rådhuset, seier ho.

Men ho legg til at det viktigaste argumentet er av symbolsk art.

– Det er tydeleg at ingen vil ha Strax-huset i nabolaget sitt. Dersom dei flyttar inn i Rådhuset vil det ha ein veldig sterk signaleffekt, seier ho.

– Dessutan kan det få forankringar i ruspolitikken dersom politikarane får rusproblematikken så tett på seg, og så synleg.

– Ville vore perfekt

Thomas Anthun Nielsen

Thomas Anthun Nielsen.

Foto: Ann Kristin Rykke / NRK

Megafon-redaktør, Thomas Anthun Nielsen, har lenge vore aktiv i debatten om kor Strax-huset bør liggja. Dersom Miljeteig sitt forslag går gjennom, meiner han at det vil gje politikarane dyrebar kunnskap om rusproblematikken i Bergen.

– Dette er det perfekte høvet til å få ei veldig fin plassering, der politikarane dagleg kan få sjå kor store problem me har med rusavhengigheit i Bergen, seier han til NRK.no.

– I dag er det stort sett dei som bur på Möhlenpris og området rundt Nygårdsparken som ser omfanget av problematikken. Om me får Strax-huset midt i byen, kan det oppstå ein større vilje til å løysa problemet, og ikkje berre klaga over symptoma, legg han til.

Sjølv om Anthun Nielsen trur at forslaget er eit medieinnspel for å setja ting litt på spissen, så meiner han forslaget har viktige poeng.

– Ein stad må Strax-huset vera, så kvifor ikkje ha det i kommunen si eige stove, legg han til.

– Mogleg å gjennomføra

– Det må sjølvsagt ordnast med separate inngangar, slik at ein slepp å gå inn hovudinngangen til Rådhuset kvar gong ein skal til Strax-huset. Men det fins fleire inngangar til Rådhuset, seier Miljeteig.

Lokala som SV-politikaren ynskjer seg vert i dag nytta som kontorlokale. Miljeteig meiner at desse bør gå an å flytta på.

– Det er lettare å finna plass til kontorarbeidsplassar i denne byen enn eit Straxhus, legg ho til.

Dersom politikarane seier ja til forslaget, vil det i fylgje Miljeteig ha ein positiv effekt på debatten.

– Debatten til no har vore prega av at ingen vil ha Strax-huset. Dersom nokon er positive til å ta i mot dei, og att på til byen sine politikarar, så kan det kanskje opna for at andre vert meir positive, seier ho.