Hopp til innhold

– Som eit nybygd hus utan innlagt vatn

Kvar i landet du bur, avgjer kor raskt internett du har tilgang til. Skilnadane er store: Medan 70 prosent av folk i Rogaland har hurtig breiband, gjeld det same under ein prosent i Sogn og Fjordane.

Frank-Kristian Dame

UTAN NETT: Frank-Kristian Dame bygde nytt hus i Arna i Bergen. Overraskinga var stor då han oppdaga at det ikkje finst moglegheit for breiband i det nye huset. Han er difor avhengig av mobilt breiband for å koma på nett.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Frank-Kristian Dame bygde nytt hus på Espeland i Arna i Bergen, Noregs nest største by.

Overraskinga var stor då han etter å ha flytta inn oppdaga at det ikkje finst mogelegheit for breiband i det nye husværet.

– Eg trudde ikkje eingong dei bygde nye hus utan i dag. Det kjennest nesten som om dei hadde bygd det utan innlagt vatn, seier han oppgitt.

Sett tilbake i tid

Mangelen på breiband kom uventa på Dame, som no ikkje har høve til å arbeida heimanfrå i det heile. Det har skapt problem, fortel han.

– Mail, Netflix, Facebook. Alt skjer jo via internett i dag, både privat og på jobben. Det gjer at det er heilt umogeleg for meg å jobba utanfor kontoret, og det er jo ei utfordring.

Venstre-forslag om breiband til alle

Terje Breivik

VIL HA RASKARE BREIBAND TIL FOLKET: Terje Breivik (V) er strålande nøgd med at regjeringa ved har sagt seg positive til forslaget hans om raskt breiband til minst 90 prosent av alle nordmenn. Han håpar det vil vera på plass innan 2020.

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

Nestleiar i Venstre, Terje Breivik, fremja eit representantforslag i Stortinget om å få på plass ein nasjonal plan for breiband i Noreg.

Denne veka kom svaret frå samferdsleministeren, som er svært positiv til initiativet.

Breivik vil skru opp ambisjonane når det gjeld å sikra alle lik tilgang til raskt breiband.

– Ambisjonen må jo vera at minst 90 prosent av alle som bur her i landet, skal ha tilgang til minst 100 mbit/s innan år 2020.

Derfor er han særs nøgd med svaret frå Samferdsleministeren, som stiller seg positiv til forslaget.

Vil kosta flesk å byggja hurtig-breiband

Men å sikra storparten av det norske folk lik tilgang til breiband, blir langt frå gratis.

Tal som regjeringa henta inn i 2013, viser at prislappen vil bli på fleire milliardar.

Det er Hordaland fylke som får den tvilsame æra av å bli dyrast i landet. Her vil det kosta mellom 2,2 og 3 milliardar kroner å få bygd ut breibanddekninga i tråd med kravet.

Best og verst i vest

Vestlandet kjem både best og verst ut når det gjeld både prislapp og dekningsgrad per i dag.

Rogaland er det fylket i landet med desidert best tilgang til breiband. Her har heile 70 prosent av innbyggjarane tilgang til den aller raskaste typen.

Til samanlikning gjeld det same under ein prosent i Sogn og Fjordane.

Hordaland ligg i nedre sjukt på landsbasis, med knappe 20 prosent innanfor kravet om det raskaste breibandet.

Enorme regionale skilnader

Nexia gjorde på oppdrag for regjeringa i 2013 ei kartlegging av breibanddekninga i Noreg, der dei undersøkte kor stor del av innbyggjarane i kvart fylke som har høve til å få det raskaste breibandet.

Sogn og Fjordane, Hedmark og Finnmark kom dårlegast ut, med under ti prosent av innbyggjarane innanfor kravet om 100 mbit/s hastigheit.

Rogaland, Vestfold og Nord-Trøndelag kom best ut. Rogaland er likevel det einaste fylket der over halvparten av innbyggjarane kan ha det raskaste breibandet.

Kanskje overraskande kom både Oslo og Akershus blant fylka der under halvparten av bebuarane har tilgang til hurtig-breiband.

Heile utgreiinga ligg ute på nettsidene til regjeringa, og kan lesast her.

Ønskjer ein plan for telekommunikasjon

Terje Breivik samanliknar raskt breiband til folket med infrastrukturar som tog, ferje, veg og buss når det gjeld kor viktig det er å få på plass i dag.

Venstre er ikkje åleine på Stortinget om å ville sikre betre tilgang til raskt internett for flest mogeleg.

Torill Eidsheim frå Høgre er saksordførar for saka i Stortinget. Ho er positiv til forslaget, men synest fokuset er for smalt.

– Vi treng internett på tog, buss, fly; vi må heller jobba for å få til ein plan for telekommunikasjon. Det blir for snevert å berre snakke om breiband, meiner ho.

– Har blitt kostbart allereie

Bredbåndskabler

VIL AT FLEIRE SKAL FÅ SURFA RASKT: Den førre regjeringa hadde òg som mål at alle innbyggjarar skulle ha tilfredsstillande tilgang til hurtig breiband. No vil Venstre og regjeringa ha på plass ein nasjonal plan som sikrar alle rask tilgang. Det vil kosta opp mot 3 milliardar i Hordaland åleine.

Foto: Erlend Aas

Tilbake i Arna i Bergen har det gått bortimot eit år sidan Frank Kristian Dame flytta inn i nytt hus – utan breibandtilknyting.

Det har kosta dyrt, ettersom han no er avhengig av mobilt breiband for å i det heile tatt vera på nett heime. Men for streaming og liknande er det uansett ikkje eit alternativ.

No håpar han planen om full breibanddekning ikkje er langt unna.

–Du blir litt utanfor alt anna om du ikkje har internett i dag. Vi har jo blitt veldig avhengige av det, spesielt på jobb. No sit eg heller att ein time ekstra på arbeid om dagen for å få tatt igjen det eg ikkje får gjort heime, avsluttar han.