Vil ha operahus ved Grieghallen

Grieghallen, Bergen Nasjonale Opera og Harmonien føreslår no å bygge eit heilt nytt, delvis underjordisk opera- og konserthus på Edvard Griegs plass i Bergen, like ved Grieghallen. Etter å ha jobba med prosjektet i eit år er visjonen presentert. Bygget vil kunne romme scene og sal med 1000 publikumsplassar, ifølge Rambøll AS som har utarbeida ei moglegheitsstudie for prosjektet.

Føreslått operahus ved Grieghallen
Foto: Rambøll AS