Vil ha omkamp mot Brækhus: – Eg kunne ha mista heile fingeren

BERGEN (NRK): Argentinske Erica Farias møtte Cecilia Brækhus i ringen med ein skadd finger. No vil ho ha revansj mot bergensaren.

Erica Farias med skadet finger

SKADD: Argentinske Erica Farias meiner ein skade i fingeren gjorde at ho sleit under boksekampen mot Cecilia Brækhus fredag kveld. – Eg sleit med å lukke handa inne i hansken.

Foto: NRK

Sjølv om ei aggressiv Erica Farias yppa seg fleire gongar med gode treff under «Battle of Bergen» på Koengen fredag kveld, klarte den norske boksedronninga Cecilia Brækhus å svare gong på gong.

Til slutt stod ho att med ein klar siger: Etter ti rundar viste dommarkorta 99-91, 99–91 og 98–92 i Brækhus sin favør.

– Vi visste Farias ville kome som ein rasande okse i kvar einaste runde. Eg følte at eg var oksetemmar og styrte kampen. Nokre gongar fekk ho inn nokre unødvendige slag, men alt i alt følte eg at eg kontrollerte kampen bra, sa Brækhus til NRK etter kampen.

Det dei færraste var klar over, var skaden Farias skjulte under boksehansken: Ein skadd finger.

– Eg fekk handa i klem i ei bildør før kampen. Eg kunne mista heile fingeren. Det er ingen unnskyldning, men no sit eg att med tvilen, seier Farias.

Vil ha revansj

– Eg har lenge hatt stor respekt for Cecilia Brækhus, og skulle gjerne spurt henne om det hadde vore mogleg å få revansj. Vi hadde ein god kamp, og eg meiner eg fortener å få ei moglegheit til, seier Farias.

Argentinaren er absolutt open for å kome tilbake til Noreg for ein ny kamp mot Brækhus.

– Eg vil gjerne ha ein kamp der eg kan gi hundre prosent. No kunne ikkje ta den strake høgre som eg pleier, som er min styrke. Det var ubehageleg at eg ikkje kunne bruke handa som eg ville.

Cecilia Brækhus mot Erica Farias i Bergen

TØFF KAMP: Det vart ti intense rundar i bokseringen for Cecilia Brækhus og Erica Farias.

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

– Kunne hatt sjanse til å vinne

Farias, som stod med 24 sigrar og eitt tap før fredagens kamp, meiner ho kunne hatt moglegheit til å slå Brækhus dersom ho ikkje var skadd.

– Eg var ikkje redd under kampen, og gjekk hardt ut. Brækhus veit at eg ikkje var hundre prosent i dag, og har nok ein liten tvil om kva som kunne skjedd dersom eg ikkje var skadd.

Brækhus har førebels ikkje kommentert Farias sitt utspel. Det er venta ein ny pressekonferanse laurdag klokka 11.

NRK-journalist og nordisk meister Anders Werner Øfsti, meiner Brækhus var langt meir effektiv enn Farias under kampen.

– Farias gav meir motstand enn eg hadde venta, men Cecilia kontrollerte det meste. Ho gøymde seg godt bak skuldra si og brukte størrelsen og tyngda sin godt til å nøytralisere Farias, vurderer Øfsti.