For 4 år sidan skapte altså dette utspelet store medieoverskrifter og mykje latter.
Leiar i Idrettsrådet i Bergen, Roar Andersen, var mannen bak ideen. Og sjølv om mange rista på hovudet, meiner han framleis det er ein god ide.
- Dersom interessa er der blant folk i Bergen er det ikkje umogleg å få det til, meiner Andersen.
Vekas idiot
Då han lanserte ideen om OL i Hordaland ein gong på 2030-talet førre gong, blei det meir oppstyr enn han hadde rekna med.
- Det var ikkje kjekt. Eg hugsar Bergensavisen lanserte meg som vekas idiot i si faste spalte ein laurdag. Når ein latterleggjer ein slik tanke, er det få som tør å stå fram og seia at det ikkje var så dumt likevel, meiner han.
Mild vinter
Men Andersen har ikkje latt seg skrema av latter og hånande kommentarar. Han seier det vil vera fullt mogleg for Voss og Bergen å få eit vinter-OL i hamn om ein tek tida til hjelp.
- Det går til dømes an å setja av årlege midlar i budsjettet, meiner han.
Men så var det veret. Milde og snøfattige vintrar vil ikkje nett styrka ein OL-søknad frå vest.
Ordførar Bjørn Christensen på Voss. (Foto: Steinar Nedkvitne/NRK)
- I Torino er det óg sparsomt med snø, men dei reiser då ofte to timar opp i fjella. Odda og Voss er til dømes nokre av dei mest snøsikre stadene i Noreg, presiserer Andersen.
Positiv ordførar
Ordførar Bjørn Christensen på Voss var skeptisk til lanseringa av OL til Vestlandet sist ideen kom, men no meiner han planane er langt meir realistiske.
- Me opplever jo no at vossingar kjem heim frå Torino med fire medaljar. Dersom Bergen vil er det ingen tvil om at Voss blir med, seier ordføraren.