NRK Meny

Vil ha nye kulturjobbar til Bergen

Kulturbyråd Julie Andersland kan få ein partifelle som kulturministeren dersom Høgre, Framstegspartiet og Venstre klarer å dra regjeringsforhandlingane i hamn. Dermed har ho ønskjelista klar for kva arbeidsplassar ho ønskjer å få til Bergen, skriv BT. Andersland ønskjer å lokalisere Design og arkitektur Norge (DoGA), filmkommisjonen og eit nytt nasjonalt kompetansesenter for spelbransjen i Bergen. – No må partia først bli einige om ein regjeringsplattform, og det viktigaste vil vere at den gir rom for ein god kulturpolitikk, seier Andersland til avisa.

Julie Andersland
Foto: Sølve Rydland / NRK

Siste video

Hjemmesykepleien i Bergen bytter nøkler med elektronisk lås.
Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.