Hopp til innhold

Vil ha meir openheit rundt offentlege reiser

Hamnedirektør Inge Tangerås deltok på reisa til Venezia på rederiets rekning, utan å opplyse om det. – Det bør vere openheit kring kva turar offentlege toppsjefar deltek på, seier Erlend Horn (V).

Erlend Horn

VIL DISKUTERE GÅVEREGISTER: – Det er betre med for mykje openheit enn for lite, seier bystyrerepresentant for Venstre og medlem i Havnerådet, Erlend Horn.

Foto: Jo Straube / Venstre

I samband med den omstridde skipsdåpen i Bergen 17. mai i år, deltok hamnedirektør Inge Tangerås på den same reisa til Venezia som Trude Drevland og sonen hennar deltok på.

Viking Star

VIKING STAR: Cruiseskipet Viking Star blei døypt i Bergen 17. mai 2015.

Foto: Viking Cruises

Ifølgje Bergens Tidende reiste også Tangerås ned i privatfly og budde på luksushotell, betalt av rederiet Viking Cruises. Dette opplyste Tangerås aldri Havnestyret om, og dei har no bedt han om ei forklaring.

Hamnesjefen seier han ikkje ser noko problematisk ved reisa.

– Dette var berre jobb. Eg såg at skipa var klare for å setjast på sjøen, og eg hadde samtalar med kapteinen der me snakka om kva praktiske forhold og føresetnader som gjelder for å anløpe Bergen, seier Tangerås til NRK.

Etterlyser større openheit

Medlem i Havnerådet og bystyrerepresentant for Venstre, Erlend Horn, seier det er naturleg at også havnerådet på det neste møtet 26. juni får ei grunngjeving og orientering rundt arrangementet 17. mai, og turen i forkant av arrangementet.

– Sjølve turen er ikkje problematisk. Men eg skulle ønske at det var mest mogleg openheit kring dette, og at det er klart for alle kva turar toppsjefar i offentlege institusjonar deltek på, seier Horn.

LES OGSÅ: – Trude Drevland har ikkje drive med korrupsjon

– Bør diskutere gåveregister

I mars vedtok bystyret at alle folkevalde polikarar skal føre gåveregister. Samtidig vedtok dei at byrådet skal vurdere om også alle kommunalt tilsette skal gjere det same.

– Dette aktualiserer denne problemstillinga. Normale reiser med rutefly og hotell innanfor ein viss prisklasse er innanfor, men denne turen er av ein litt anna karakter når det gjelder kostnadene, seier Horn.

– Det vil skape større openheit når presse og publikum kan sjå korleis det offentlege brukar pengar. Men eg har ingen grunn til å tru eller meiner at hamnesjefen har gjort noko gale, understrekar Horn.

– Rederiet er ikkje ute etter å skaffe seg fordeler

Hamnesjef Inge Tangerås seier reisa berre var ei jobbreise, og difor ikkje ei gåve.

Inge Tangerås

Hamnedirektør i Bergen, Inge Tangerås.

Foto: Kjartan Lægreid / NRK

– Eg trur det var viktig for rederiet at eg stilte opp. Dei investerer eit milliardbeløp. Å ha meg med var viktig for dei, for å sørge for at hamnevesenet legger til rette det praktiske knytt til anløpa til rederiet, seier Tangerås.

– Forstår du at privatfly og luksushotell på rederiet si rekning kan vekke reaksjonar?

– Ja, det kan eg forstå slik som saka blir framstilt. For meg var det berre ei tenestereise og ingenting anna. Rederiet er ikkje ute etter å skaffe fordelar. Dei vil berre sikre seg merksemda som dei er avhengige av, og vere trygge på at me forstår kva behov dei har.

– Årsaka til at eg tok privatfly var at dato for sjøsetjing blir sett på kort varsel. For meg var dette ein rask og praktisk måte å komme ned på, seier Tangerås.

Politiet har undersøkt saka

NRK veit at politiet også har undersøkt hamnesjefens rolle i samband med at han blei med på eit cruise frå Bergen til Oslo. Politiet går ikkje vidare med dette, men saka er ikkje avslutta.

Tangerås meiner han ikkje har gjort noko kritikkverdig.

– Det er vanskeleg for meg å sjå at eg har gjort det. For meg har dette vore jobb og ikkje noko anna, seier han.

LES OGSÅ: Opposisjonen vil ha svar etter Drevlands luksusreiser