I dag klokka 13:00 la Statens vegvesen fram sine tilrådingar til ny ringveg aust for Bergen og ny E39 mot Nordhordlandsbrua.
Dette er store samferdsleprosjekt som skal løysa opp store flaskehalsar rundt Bergen. Ringveg Øst skal dessutan forbetra bylufta i Bergen ved å senda mange bilar utanom trafikkmaskinen Danmarks plass.
Dyrare å kjøre til sentrum
Statens vegvesen tilrår å halda fram med planar om ein ringveg frå Fjøsanger/Sjølinjen til Arna og Vågsbotn.
Prislapp: 17-20 milliardar kroner. Prisen er auka med 5 milliardar sidan Nasjonal transportplabn vart lagt fra, i februar i år.
Skal denne vegen gjera jobben, må det bli meir køprising og færre parkeringsplassar i Bergen. Ringveg Øst må finansierast med bompengar, slår vegvesenet fast. For at nok bilistar skal velja å køyra denne vegen, må bompengane inn til Bergen sentrum aukast tilsvarande, tilrår dei.
«Bomsystem bør innrettes med et differensiert takstsystem som skjermer sentrale deler av Bergen for biltrafikk, men som samtidig også bidrar til å dempe biltrafikken i og mellom ytre bydeler», skriv dei i tilrådinga.
I dag kostar det 45 kroner å køyra gjennom bompengeringen i rushtida. Det kostar ingenting å køyra Hardangervegen frå Nesttun til Arna i dag. Ringveg Øst er avhengig av at det framleis må vera dyrare å køyra til sentrum enn rundt, skriv vegvesenet.
Legg bort Nyborgtunnelen
Vegvesenet meiner at ny trasé for E39 nordover må sjåast i samanheng med Ringveg Øst. Derfor må den tidlegare traseen for Nyborgtunnelen leggjast bort, meiner Statens vegvesen.
Då gjenstår berre tre alternativ:
- Ein ny veg i dagen mellom Hylkje og Brurås.
- Tunnelløysing som startar aust for Eikåstunnelen.
- Direkteført tunnel frå Nordhordlandsbrua til Blindheimsdalen.
Kva for løysing ein bør velja, må bli avgjort i ein ny kommuneplan for Åsane, meiner Statens vegvesen.
Viss den nye ringvegen skal byggjast etappevis, bør ein bygrja med strekninga Arna - Vågsbotn, tilrår dei.
LES ÓG: