NRK Meny
Normal

Vil ha tak på innbyggjartal i kommunane

– Det finst ei øvre grense for kor store kommunane bør bli, meiner forskar. Men regjeringa vil ikkje setje eit tak for kor mange innbyggjarar kvar kommune skal ha.

Kollsnes

ØYGARDEN: Gjennom kommunereforma kan Øygarden kommune bli slått saman med naboane Fjell og Sund kommune. – Å slå saman kommunar kan innebere sentralisering, og det kan slå dårleg ut for miljøet, meiner forskar Carlo Aall.

Foto: Dag Myrestrand / Statoil

Å slå saman kommunar kan innebere sentralisering, og det kan slå dårleg ut for miljøet.

Cato Aall, Vestlandsforsking

Arbeidet med kommunereforma er i gong, og fylkesmenn og kommunar kring om i landet vurderer no om dagens kommunegrenser er slik dei bør vere.

I ein rapport anbefaler ekspertutvalet til Regjeringa at ein kommune bør ha minst 15.000-20.000 innbyggarar per kommune. Set ein ei slik nedre grense på innbyggjartal i kommunar, må ein også setje ei øvre, meiner forskingsleiar i Vestlandsforsking Carlo Aall.

– Logikken bak og i rapporten tilseier at det finst ein «idealstørrelse» for dagens norske kommunar. Det skulle i prinsippet bety at det ikkje berre finst ei nedre, men også ei øvre grense på innbyggjartal.

– Varsellampa må vere på

Eit sentralt argument for kommunesamanslåing er at dette vil gje betre helse, omsorgs- og utdanningstenester til innbyggjarane, og sikre eit godt nok fagmiljø i spesialiserte tenester som barnevernet.

– Problema ein tenker seg å løyse med å auke talet på innbyggjarar i kommunane, er for små samanlikna med kor stor kostnaden for omlegginga er. Sjå heller på problema som knyter seg til å ha for mange buande på ein plass. Det er store problem.

Å slå saman kommunar kan innebere sentralisering, og det kan slå dårleg ut for miljøet, meiner Aall.

– Det ein sparar på slå saman kommunar knyter seg til å endre strukturane i tenestetilboda. Når ein fjernar ei kommunegrense, kan ein slå saman småskular, lage eitt bibliotek i staden for to, og så vidare. Det fører ofte til lengre transportavstandar til tenestene.

At innbyggjarane i kommunane får lengre reisetid til tenestene i kommunen, fører til auka miljøutslepp og at fleire samlar seg rundt eit kommunesenter. Det igjen gjev press på miljøet, meiner forskaren.

(Artikkelen held fram under biletet)

– Me kjem ikkje til å setje ei øvre eller nedre grense

Ordfører Jardar Jensen i Evenes

– FØRER IKKJE TIL MEIR SENTRALISERING: Carlo Aall i Vestlandsforsking meiner kommunesamanslåing kan føre til auke sentralisering og større miljøproblem. – Det å setje eit tak for ei sentralisering ved å spreie folk utover, er ikkje ein politikk me fører, seier Jardar Jensen (på biletet) i Kommunaldepartementet.

Foto: Bjørn Erik Rygg lunde

Om det er 15.000 eller 30.000 i kvar kommune har ikkje me tenkt å blande oss i. Det er opp til kommunane å finne dei beste løysingane.

Jardar Jensen, statsekretær

Statssekretær Jardar Jensen i Kommunaldepartementet seier dei ikkje kjem til å stille absolutte krav til innbyggjartal i ein kommune.

– Me har ein mangfaldig geografi i Noreg, og folk bur dei bur. Det viktige er at me får robuste fagmiljø. Om det er 15.000 eller 30.000 i kvar kommune har ikkje me tenkt å blande oss i. Det er opp til kommunane å finne dei beste løysingane.

– Det å setje eit tak for ei sentralisering ved å spreie folk utover, er ikkje ein politikk me fører.

Jensen meiner kommunereforma ikkje vil føre til mindre eller meir sentralisering.

– Kommunesamanslåingane til no har heller bremsa sentraliseringa. Ein har fått dei tenestene ein har behov for i sin kommune. Tenestene blir då utført der folk bur, seier Jensen.

LES OGSÅ: Krever tunnel til én milliard - Nordland

Vil ikkje slå fast ei maksgrense

Kommunereform

SAMDE OM REFORM: samarbeidspartia i regjeringa er einige om kommunereforma. Leiar av Stortingets kommunalkomité, Helge André Njåstad (Frp), André Skjelstad (V), Geir S. Toskedal (KrF) og Frank Jenssen (H).

Foto: NRK

Aall vil ikkje setje noko tal på kor stor ein kommune skal kunne bli.

– I prinsippet finst det kanskje ei maksgrense. Men me kan ikkje koke dette ned til eit tal.

– Økofilosofen Arne Næss sa ein gong at mellom 50.000 og 100.000 kanskje er ei grense for kor mange som kan leve fornuftig saman. Det kan jo hende det er ei fornuftig grense, men det er veldig vanskeleg å seie noko om kor stor ein kommune bør vere. Det er så mykje som spelar inn.

Aall meiner uansett det er viktig å vere merksam på konsekvensane av sentralisering i det vidare arbeidet med kommunereforma.

– Viss ein set eit øvre tak på innbyggjarar i ein kommune, så kan ein unngå at kommunesamanslåing fører til unødvendig sentralisering.

LES OGSÅ: Gulrøtter kan koste 6 milliarder - NRK – Norge

Siste video

Distriktsnyheter fra Hordaland og Sogn og Fjordane
Erna Solberg med fremføring av "Nystemten" og Ketil Solvik-Olsen på tuba var en del av den offisielle åpningen av Bergens nye flyplass.
Se hele arbeidet med å fjerne flytedokken fra Foto/redigering: Tim Wassmo