Hopp til innhold

Vil ha lobbyregister i Bergen

Berre to av tre møter i korrupsjonssaka er å finne i den offentlege kalenderen til byrådet. No ønskjer Arbeidarpartiet å opprette lobbyregister.

Harald Schjelderup

ØNSKJER OPENHEIT: Gruppeleiar i Arbeidarpartiet, Harald Schjelderup, vil ta diskusjonen om openheita i bergenspolitikken.

Foto: Bergen AP

Bystyrepolitikaren frå Høgre, som no er varetektsfengsla sikta for korrupsjon, skal ha vore i tre møte med byrådet saman med dei to forretningsmennene, som òg er fengsla i saka.

Men berre to av møta er å finne i den offentlege kalenderen til byrådet.

– Det er frivillig å opplyse om det, og dei fleste gjer det. Men det gjeld ikkje alle. Der bør vi ha ein gjennomgang, seier gruppeleiar i Arbeidarpartiet, Harald Schjelderup.

LES OGSÅ: Denne tomta er kjernen i korrupsjonssaka | Bergen vil bli anti-korrupsjons-kommune

Vil opprette lobbyregister

– Heilt uavhengig av skuld og uskuld når det gjeld bystyrepolitikaren, må vi heile tida prøve å betre openheita i demokratiske prosessar, seier gruppeleiaren.

Han luftar tanken om at politikarane bør vere pliktige å opplyse økonomiske interesser, og om ein bør opprette eit lobbyregister over kven politikarane i bystyret og byrådet møter.

– Fordelen er at du kan i større grad få openheit rundt møter. Samtidig må vi hindre at det blir bygd opp eit dyrt byråkrati rundt det, og det må ikkje bli slik at velforeiningar ikkje vil ta kontakt med politikarar, fordi dei ikkje ønskjer å bli ført inn i registeret, seier Schjelderup.

Ufullstendige kalendrar

Filip Rygg, byråd for byutvikling, klima og miljø i Bergen kommune

ER OPNE: Filip Rygg meiner at KrF er opne om kven dei har møter med.

– Vi er opne om kven vi har møter med, seier byutviklingsbyråd Filip Rygg frå KrF.

Rygg greier ikkje heilt å sjå poenget med eit nytt register. Han har som mål at alle møter han har som byråd, skal bli registrert, og at publikum kan få innsyn på kommunen sine nettstader. Men ein gjennomgang av listene til byrådane, viser at dei er ufullstendige.

– Eg tvilar på at absolutt alt kjem med på ein kalender, for ting kan flytte seg. Men eg prøver å legge ut mest mogleg på kalenderen, slik at folk kan etterprøve det. For oss er det viktig å kunne gjere greie for kven som har vore i møte, seier byråden.

– Det er positivt at byrådane sine møtekalendrar blir lagt ut, men den er ikkje fullstendig. Difor bør vi sjå på kva vi kan gjere med det. Samtidig kan vi aldri registrere oss vekk frå det som handlar om etikk hos den enkelte folkevalde, seier Harald Schjelderup.

LES OGSÅ: – Pengeoverføringen er helt uproblematisk | – En svært alvorlig sak for partiet | Woldseth varslet om korrupsjonssaken

Avgjerande for profitten

På jussbygget ved Universitetet i Bergen sit Tina Søreide, ein av Noregs fremste korrupsjonsekspertar. Ho har gitt råd til EU-parlamentetet om korleis dei skal unngår korrupsjon, og seier at det ligg mykje pengar i omregulering av eigedom.

– Kva reguleringsutfallet blir er avgjerande for kva profitt dei kan få ut av den næringsverksemda dei driv, seier ho.

Søreide meiner ein ukultur kan bre seg om ein tillét at vedtak blir endra utan at prosessane er opne og begrunninga er god nok. Ho meiner difor at openheit i desse prosessane er viktig.

– Ja det er utruleg viktig. Når det kjem ei slik sak, er det ein god grunn til å vurdere korleis prosessen er. Dette er eit felt der det er vanskeleg å følgje dei formelle beslutningsprosessane til punkt og prikke. Derfor er det lett å gjera avvik. Den kulturen som kan utvikle seg er viktig å ta tak i og vurdere, seier Søreide.