Hopp til innhold

Skip som får landstraum kan spare samfunnet

Aukande cruisetrafikk skaper strid i turistnæringa, mykje grunna utslepp. Om skipa hadde fått straumforsyning frå land, kunne samfunnet spart store summar.


Aukande cruisetrafikk skaper strid i turistnæringa. Om skipa hadde fått straumforsyning frå land, kunne samfunnet spart årlege utgifter på opp mot 100 millionar i året. Det seier ein ekspert på maritim miljøteknologi.

Nils Aadland

OPPFORDRAR: Nils Aadland oppfordrar om å forsyne cruiseskip med straum frå land.

Foto: Kjartan Lægreid / NRK

I Flåm har ein del innbyggjarar fått nok av både masseturisme og forureining, og Nils Aadland meiner ei slik strid lett kunne blitt løyst.

– Ved å ta denne utfordringa med utslepp på alvor, så vil det vere med på å ta brodden av ein sånn strid, seier Nils Aadland som er spesialrådgjevar hjå Polytech.

Når Aadland ikkje ferierer, er jobben hans å utvikle ny teknologi for å gjere skipsfarten meir miljøvenleg, og han har ei klar oppfordring.

– Bygg landstraum med ein gong. Då har ein på ein måte gjort det som er det viktigaste for å redusere utsleppa, seier Aadland.

– Kan spare 100 mill.

Inge Tangerås

OMFATTANDE: Inge Tangerås som er hamnedirektør i Bergen seier det er omfattande å legge til rette for landstraum til skip.

Foto: Kjartan Lægreid / NRK

Ifølgje ein rapport frå Hordaland Maritime Miljøselskap er det rekna ut at samfunnet kunne spart store summar ved å investere i anlegg for landstraum.

– I Bergen vil dei samfunnsøkonomiske belastningane kunne vere på så mykje som opp til 100 millionar kroner i året, knytt berre til cruisetrafikk og offshoreskipa som legg inntil, seier Aadland.

I Noreg si største cruisehamn i Bergen er det venta ny rekord i år òg. Det med heile 324 anløp. Medan turistane går i land, lagar dieselmotorane straum. 3–4 store cruiseskip har same kraftbehov som ein heil liten bydel i Bergen.

Medan havnevesenet snart får landstraumanlegg for offshoreskip, finst det så langt ingen planar for dei langt meir forureinsande cruiseskipa.

– Det er nokså omfattande å ta det steget. Det er store invisteringar, og det er store krav til straumforsyning, seier Inge Tangerås som er havnedirektør i Bergen.

– Men, dette miljøprosjektet skal me gå nærare inn i, og me skal arbeide med det fram til neste vår, seier han.

– Ingen forrykande jobb

Noralv Distad

IKKJE TILRETTELAGT: Noralv Distad som er ordførar i Aurland seier det må vere tilstrekkeleg tilrettelagt for at ein skal kunne forsyne skip med straum frå land.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

Nils Aadland meiner det ikkje skulle vere for vanskeleg å forsyne cruiseskip i Flåm med straum.

– Etter kva eg veit så har dei mykje konsesjonskraft der inne, og det er ikkje så langt til kraftverka. Det burde ikkje vore nokon forrykande jobb å få det gjort, seier han.

Ordførar i Aurland, Noralv Distad, seier at dersom slike tiltak skal gjerast, så må det gjerast frå mange hamner samtidig.

– Årsaka til at det ikkje er kome på plass, er jo at det framleis ikkje er tilstrekkeleg regulert internasjonalt, og at skipa ikkje er teknisk tilrettelagde, seier Distad.