Hopp til innhold

Vil ha gratis internett på populære fjelltoppar

Turistane sine eigne bilete er den beste norgesreklama, meiner reiselivet. No vil dei at våre mest populære fjelltoppar skal få gratis internett.

Reiselivet vil ha gratis wi-fi på populære fjell

BEST REKLAME: Reiselivet trur turistane sine eigne bilete er den beste norgesreklama, og ønskjer gratis internett på populære fjell.

Marknadssjef Fjord Norge, Britt Dalland

VIL HA WI-FI: Marknadssjef i Fjord Nore, Britt Dalland, vil ha gratis wi-fi på våre turistmål.

Foto: NRK

Gjennom sommaren kjem turistar frå heile verda for å oppleve den norske naturen. Mange av dei forevigar det heile gjennom flittig fotografering.

– Bileta som turistane sjølv legg ut, meiner vi er den mest verdifulle norgesreklama som fins, men veldig mange av våre største attraksjonar har ikkje trådlaust nett, seier marknadsdirektøren i Fjord Norge, Britt Dalland.

Gratis wi-fi på fjelltoppane

No meiner reiselivsbransjen at vi bør sørgje for at turistane også får gratis internett på våre mest populære reisemål slik at dei dele bileta frå norgesferien sine på sosiale media.

– Det er viktig at dei kan få gratis wi-fi på dei fleste av våre attraksjonar. For mange utlendingar så er roaming-kostnaden kanskje den største barriera for å kome seg på nettet og dele opplevingane umiddelbart, seier Dallland.

Turistane er positive

Benny Ong og familen har lagt ferien til Norges vestkyst. Dei har tatt mange bilete som dei skal vise til familie og vener når dei kjem heim til Singapore.

Men dei må vente nokre timar, for på Ulrikens topp i Bergen må hindrar store roaming-kostnadar dei frå å poste bileta sine.

– For nokre er kanskje ikkje internett så nøye, men for oss er den umiddelbare kommunikasjonen veldig viktig, seier Ong, som er positiv til forslaget frå reiselivsbransjen.

– Sosiale media har høg verdi

Utkikkspunktet Trolltunga har gått frå å vere ein relativt ukjent stad til å vere kjent langt utanfor Norges grenser på kort tid. Mange av dei som kjem dit reiser heim med spektakulære bilete, og staden har til og med blitt kåra til verdas beste stad for å ta selfie.

– Med den spreiinga du kan få på sosiale media i dag, så er det svært vanskeleg for oss å kjøpe den same verdien i tradisjonelle mediekanalar, seier Dalland.

Ho meiner også at sosiale media har ein ekstra verdi fordi det er meir truverdig enn ei reklame.Men kven som skal ta rekninga for å få på plass trådlaust nett til turistane er Dalland usikker på.

– Det må vi sjå på etterkvart, men eg meiner det hastar å få dette på plass, seier marknadssjefen.