NRK Meny
Normal

Vil ha fleire skulesterke elevar inn på yrkesfag

Fleire må motiverast til å bli kokkar eller snikkarar, meiner Elevorganisasjonen. Skulerektor kallar det låge talet på yrkesfagelevar eit samfunnsproblem.

Martin Trengereid, Johanne Sekse og Dennis Marøy

FULGDE HJARTET: Martin Trengereid, Dennis Marøy og Johanne Sekse går første året på matfag ved Sandsli vidaregåande skule i Bergen.

Foto: Siri Løken / NRK

Berre halvparten av elevane som startar på matfag og bygg og anlegg i Hordaland fullfører. Elevorganisasjonen vil ha fleire elevar med gode karakterar frå ungdomsskulen til yrkesfaga.

– Det er ufatteleg mange døme på skuleflinke elevar som blir råda til å ta studieførebuande fordi dei har så gode karakterar. Det er feil at dei som har dårlege karakterar vert oppmoda til å ta yrkesfag og dei med gode karakterar til å ta studieførebuande, seier Agathe Waage, leiar i Elevorganisasjonen i Hordaland.

Agathe Waage, Elevorganisasjonen

VIL HA FLEIRE TIL YRKESFAG: Agathe Waage i Elevorganisasjonen meiner fleire elevar med gode karakterar bør motiverast til å velja yrkesfag.

Foto: Annbjørg Dalland / NRK

Valte yrkesfag med hjartet

I skulekjøkkenet på Sandsli vidaregåande skule i Bergen står «Biff Lindstrøm» på menyen. Martin Trengereid, Johanne Sekse og Dennis Marøy går første året på matfag. Dei kan sjå fram mot ein arbeidsmarknad som skrik etter fagarbeidarar.

– Målet mitt er å jobba på ein av de beste restaurantane i verda, seier Johanne Sekse (16).

Ho siktar høgt. For henne var yrkesskulen på Sandsli førsteval.

Dei tre førsteårselevane har valt yrkesfag med hjartet, men det er slett ikkje tilfellet for alle ungdomsskuleelevane som vel skuleretninga.

– Eg skjønar kvifor mange sluttar. Når du ikkje kjem inn på den linja du vil, er det vanskeleg å utdanna deg til å noko du ikkje er interessert i og ikkje likar, seier Martin Trengereid.

Berre halvparten fullfører

Av hordalandselevane som byrja på yrkesfag i 2010 fullførte berre 58 prosent. På matfag fullførte berre halvparten.

– I klassen har det alt falle mange frå dei siste vekene på VG1. Du vil jo gjerne ha medelevar som er motiverte og som du kan jobba saman med., seier Sekse.

Elevorganisasjonen er uroa over det svake tilfanget av skuleflinke elevar til yrkesfaga. Fleire elevar med gode karakterar vert råda til å velja studieførebuande fag.

– Det er veldig få som vel yrkesfag i utgangspunktet. Når 17 prosent som byrjar i 2010 vel yrkesfag så er det eit samfunnsproblem, seier rektor ved Sandsli vidaregåande, Rune Dolvik.

Rektor ved Sandsli vidaregåande Rune Dolvik

VIL HA STYRKA RÅDGJEVING: Rektor ved Sandsli vidaregåande, Rune Dolvik.

Foto: Siri Løken / NRK

– Må styrka rådgjevingstenesta

Ved Sandsli fullfører dei aller fleste dei to første åra. Men i overgangen til lære får ein del problem. Rektor seier skulen har eit opplegg for å hjelpa dei som slit.

Waage i Elevorganisasjonen meiner i staden fleire elevar med gode karakterar frå ungdomsskulen, som gjerne er motiverte, bør rådast til å ta yrkesfag.

– Me treng ei styrking av rådgjevingstenesta, meiner leiaren.

Rektor Dolvik meiner det er eit stort problem at fråfallet på fleire yrkesfaglinje held fram å auka.

– Ein ting er at me vil mangla fagarbeidarar, ein anna er at det skjer noko med dei elevane som fell utanfor skulesystemet.

Høyr radioreportasjen:

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Se forskerne undersøke hvalen
Det aller første julemarkedet i Bergen er en suksess. Den første uken det har vært åpent har tusenvis av mennesker vært innom.