Hopp til innhold

Vil ha fleire psykiske sjuke ut av fengsel

Terskelen for å overføre innsette frå fengsel til sjukehus må senkast, meiner rettspsykiater og rådgjevar ved Ila fengsel, Randi Rosenquist. – Eg er ikkje overraska over at personar i varetekt skadar seg sjølv alvorleg før dei blir tatt hand om av psykiatrien.

Leif Waage, Randi Rosenquist

VIL SENKE TERSKELEN: Rettspsykiater og rådgjevar ved Ila fengsel, Randi Rosenquist, møtte i går leiinga ved Bergen fengsel og Kriminalomsorgen region Vest ved assisterande direktør Leif Waage. Rosenquist meiner terskelen for å overføre psykisk sjuke frå fengsel til sjukehus, må senkast.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

Måten fengsla handterer alvorleg psykisk sjuke på, er å isolere dei meir og meir.

Lars Waage, Kriminalomsorgen region vest

Rettspsykiater og rådgjevar ved Ila fengsel, Randi Rosenquist, møtte i går leiinga ved Bergen fengsel og Kriminalomsorgen region vest for å diskutere ansvaret for psykotiske personar med fengselsdommar.

Rosenquist meiner terskelen for å overføre psykisk sjuke frå fengsel til sjukehus, må senkast.

– Eg trur den må senkast noko. Men det viktigaste er at dei ikkje blir sendt tilbake til fengselet etter fire-fem dagar. Er ein så dårleg at ein blir overført til psykiatrien, så blir ein ikkje frisk på fem dagar. Det kan du vere heilt sikker på, seier ho.

LES OGSÅ: Finnes gråsonen mellom psykiatri og fengsel?

– Får dårleg oppfølging frå psykiatrien

Randi Rosenqvist

ISOLASJON SKAPAR SJUKDOM: Problemet er at når fengselet er uroa for tryggleiken til den innsette, så er det einaste ein kan stille opp med isolasjon. Og det skapar sjukdom også hos meir velfungerande, seier Randi Rosenquist, rettspsykiater og rådgjevar ved Ila fengsel.

Foto: Varfjell, Fredrik / NTB scanpix

Personar med alvorlege psykiske problem, men som ikkje er klassisk psykotiske, får dårleg oppfølging frå psykiatrien, meiner Rosenquist. Ho seier mange av desse etter kvart hamnar i fengsel, og der klarar ein ikkje å få det psykiske helsevernet til å gje dei god nok behandling.

– Personar som har ei psykisk liding blir berre dårlegare av å sitte i fengsel. Problemet er at når fengselet er uroa for tryggleiken til den innsette, så er det einaste ein kan stille opp med isolasjon. Og det skapar sjukdom også hos meir velfungerande, seier ho.

LES OGSÅ: Blir sykere i fengsel

Rosenquist får støtte frå Leif Waage, assisterande direktør i Kriminalomsorgen region vest. Han seier fengselsdirektørar landet over meiner dei får for stort ansvar for psykiatrisk behandling.

– Måten fengsla handterer alvorleg psykisk sjuke på, er ved å isolere dei meir og meir. Men det dei eigentleg trenger er tettare kontakt med andre menneske for å få hjelp til å komme ut av sjukdomen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Leif Waage

Det er personar i ulike fengsel, spesielt i Ila, som har behov for betydeleg meir hjelp enn dei får i dag, seier Leif Waage, assisterande direktør i Kriminalomsorgen Region Vest.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

– Kan skade seg sjølv alvorleg

Møtet mellom Rosenquist og Waage var planlagt før den trippeldrapstiltalte 31-åringen frå Sør-Sudan hoppa frå eit tak og skada seg i Bergen fengsel, men Rosenquist meiner hendinga i førre veke er eit godt eksempel på at det finst personar i norske fengsel som burde vore innlagt på sjukehus.

– Eg er ikkje overraska over at han og andre i varetekt kan skade seg sjølv alvorleg før dei blir tatt hand om av psykiatrien.

LES MEIR: Trippeldraptiltalt hoppa utfor tak - ligg på sjukehus

Kripos sine teknikarar gjer undersøkingar ved bussen der tre personar vart drepne i Årdal

TRE DREPNE: Bussjåføren og to passasjar blei drepne på Valdresekspressen i Årdal i fjor haust.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

Mannen skulle leggast inn på Sandviken måndag denne veka, men overflyttinga skjedde altså ikkje tidsnok. Waage var i går krystallklar på at han meiner 31-åringen burde vore overført til sjukehus langt tidlegare.

– Sjukehuset har sjølv sagt dei planla innlegging, så den saka er avklart. Han var sjuk. Men dette gjelder fleire personar enn 31-åringen. Det er personar i ulike fengsel, spesielt i Ila, som har behov for betydeleg meir hjelp enn dei får i dag, seier Waage.

– Skuldast for få plassar i psykiatrien

Problemet er at når fengselet er uroa for tryggleiken til den innsette, så er det einaste dei kan stille opp med isolasjon.

Randi Rosenquist

Årsaka til at personar med psykiske problem ikkje får den hjelpa dei treng, skuldast for få plassar i psykiatrien, meiner Rosenquist.

– Dette gjer at psykiatrien prioriterer dei klassisk psykotiske, medan dei som har ei aggressiv åtferd og ei mangelfull verkelegheitsoppfatning blir prioritert bort.

Ho meiner både fengselsvesenet og psykiatrien har ein jobb å gjere i samband med korleis dei behandlar personar i varetekt.

– Psykiatrien må sjå at aggressiv åtferd er eit teikn på psykisk liding i fleire tilfelle enn dei gjer i dag.

– Viktig at politikarane engasjerer seg

Per i dag har ein ikkje den nødvendige kompetansen i fengsla til å ta hand om personar med alvorlege psykiske lidingar, meiner Waage i Kriminalomsorgen region vest.

Ila fengsel

ILA FENGSEL: Det er personar i ulike fengsel, spesielt i Ila, som har behov for betydeleg meir hjelp enn dei får i dag, seier Leif Waage, assisterande direktør i Kriminalomsorgen Region Vest.

Foto: Camilla Wernersen/NRK

– Når det gjelder Ila fengsel, er dette alt blitt eit politisk tema, der helseministeren og justisministeren er involvert. Me ser også eit behov i andre fengsel.

Randi Rosenquist har laga eit opplegg for korleis ein skal hjelpe dei med ekstra behov i fengsla. Waage seier dei saman med dei lokale helseføretaka og myndigheitene skal bruke dette for å drøfte korleis ein kan unngå at innsette i fengsla skadar seg sjølve.

– Er signala frå politikarane ei løysing på problema de har mellom anna i Bergen fengsel?

– Dette har fyrst og fremst vore initiativ som har vorte tatt i forhold til Ila. Det er veldig viktig at ein politisk engasjerer seg i dei nedverdigande forholda ein har dokumentert der.

LES OGSÅ: Norge vil utvise psykisk syke kriminelle utlendinger