Vil ha fleire faglærte i barnehagane – gir læreplassgaranti

LODDEFJORD (NRK): Bergen kommune vil ha ned talet på ufaglærte i barnehagane. – Gje slike som meg lærlingplass, seier Preben Andersen.

Lærling Preben Andersen saman med Valencia (4)

LÆRLING: Preben Andersen trivast saman med Valencia (4). – Det er viktig å få inn unge fagarbeidarar i barnehagen, meiner han.

Foto: Marit Stensby / NRK

Berre 18 prosent av dei som jobba i barnehage i 2017 var faglærte barne- og ungdomsarbeidarar, synar tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

31 prosent har anna utdanningsbakgrunn, og no vil Bergen kommune gjere noko med denne gruppa.

Neste år innfører dei fleire tiltak for å få opp talet på faglærte. Eit av dei er gi læreplassgaranti for utvalde fag og skular.

Viktig for rekrutteringa

– Eg trur det er ein veldig viktig faktor for barna, seier Preben Andersen i Lyngfaret barnehage i Loddefjord i Bergen.

Der tilsetter dei allereie berre fagutdanna i barnehagen. I tillegg har dei fem lærlingar hos seg som snart er barne- og ungdomsarbeidarar.

Preben er ein av dei, og han meiner satsinga til kommunen er avgjerande for å få fleire til å ville utdanne seg som barne- og ungdomsarbeidar.

– Det er jo dei same som har jobba her i alle år, heilt sidan eg var liten. Eg synest det er viktig at vi unge som er svoltne på dette her, kjem inn, seier han.

Lærling Preben Andersen hjelper Nicholas (5) og Valencia (4) med påkledninga

UT: Lærling Preben Andersen hjelper Nicholas (5) og Valencia (4) med påkledninga. Han håper fleire vil få lærlingplass.

Foto: Marit Stensby / NRK

Treng ikkje berre pedagogar

Bystyret i Bergen har vedtatt at kommunen skal auke talet på faglærte barne- og ungdomsarbeidarar som kan jobbe i barnehage, skule og på SFO.

Det har lenge vore på den politiske dagsordenen å få fleire pedagogar inn i barnehagane, og Stortinget sin bemanningsnorm har skjerpa kravene for antal faglærte medarbeidarar.

Byråd for barnehage, skole og idrett, Roger Valhammer, meiner fleire fagarbeidarar vil gje eit betre og meir variert tilbod til barna.

– Vi snakkar mykje om talet på pedagogar, og det er heilt avgjerande for kvaliteten i barnehagane våre, seier Valhammer.

– Men vi meiner òg at den kompetansen som fagarbeidarar har er veldig viktig, og vi ynskjer difor å få fleire av dei.

Byråd for barnehage, skole og idrett, Roger Valhammer.

Byråd for barnehage, skole og idrett, Roger Valhammer, vil ha fleire faglærte i barnehagar, skule og på SFO.

Foto: Marit Stensby / NRK

Fagbrev i arbeidstida

Eit av tiltaka er å tilby ufaglærte tilsette å ta fagbrev i arbeidstida.

– Det er noko med å få teorien bak det vi gjer i kvardagen, seier Jorunn Søraa, som har jobba i barnehagen i Loddefjord i snart 20 år.

Ho starta som assistent utan utdanning, men utdanna seg som barne- og ungdomsarbeider for tre år sidan.

Å tilby ufaglærte tilsette å ta fagbrev i arbeidstida er eit tilbod kommunen har for å auke tilsette med fagkompetanse. Ho seier det betyr mykje å ha eit slikt fagbrev.

– Det vi gjer er utruleg viktig, og då veit vi at det vi gjer er rett for barna, seier ho.

Kjersti Nygård i Lyngfaret barnehage i Bergen

FAGLÆRTE: Styrar Kjersti Nygård tilsetter kun fagutdanna medarbeidarar Lyngfaret barnehage i Bergen.

Foto: Marit Stensby / NRK