NRK Meny
Normal

Vil ha fleire batteriferjer, men manglar pengane

Politikarar frå Hordaland vil satsa på nye bilferjer med lågt utslepp. Likevel er det usikkert om det kjem pengar til å satsa på ny teknologi.

Batteriferja Ampere til kai saman med MF Stavanger

BATTERI: Den nye ferja Ampere (til venstre i bildet) er elektrisk og driven av oppladbare batteri. Ferja er sett i drift på sambandet Lavik-Oppedal på E39.

Foto: Rune Fossum / NRK

Både fylkespolitikarar og rikspolitikarar drøymer om ei storsatsing på nye ferjer med lågare utslepp. På eit møte om ferjer og miljø i Bergen før helga delte alle denne visjonen.

Så langt finst det berre ei slik ferje, og den går mellom Lavik og Oppedal på E39 i Sogn og Fjordane.

Peikar på kvarandre

I januar gjekk eit samrøystes samferdsleutval i Hordaland inn for å stilla langt strengare miljøkrav til dei som skal driva dei 16 ferjesambanda i fylket.

No er krangelen i full gang om kven som skal betala rekninga. Samtidig som fylkespolitikarane ventar på hjelp frå regjeringa, ber Framstegspartiet dei som styrer i Hordaland om å satsa sterkare.

– Det handlar om å gå framfor, og tenkja nytt og offensivt, meiner stortingspolitikar Helge André Njåstad (Frp) til NRK.

Så langt er det prisen på ferjetilbodet som har vore avgjerande for fylkespolitikarane, så lenge ferja er god nok.

Nye ferjekontraktar i år

Fylkesordførarkandidat Anne Gine Hestetun frå Arbeidarpartiet meiner fylket må få pengar frå staten om det skal bli elektriske ferjer, når dei skal inngå nye ferjekontraktar mot slutten av året.

– Dette må vera eit spleiselag, der staten må vera med, viss vi skal få det til, seier Hestetun.

Njåstad, som er frå ferjekommunen Austevoll, sit i kommunalkomiteen. Det kan vera dei som avgjer om bilferjene framleis vil vera ein storforureinar i Hordaland.

– Vi jobbar med finansiering av ferjeflåten i fylkeskommunane, og skal behandla dette i kommuneproposisjonen no i vår, seier Njåstad.

Siste video

Sigrid ble onsdag tildelt den internasjonale EBBA-prisen.