Mens NSB er i full gang med å selgja ut det meste av eigedomar på Finse, slit Ulvik herad med å få ferdig ein reguleringsplan for kva kommunen vil med bygda, som no har 8 fastbuande. I planen er det føreslått at 6 av 14 bygningar som no er til sals, skal vera heilårsbustader. Dette likar ikkje NSB, som dermed kan få lågare salsinntekter. Også ordføraren syns dette er i meste laget:
-Sånn som Finse-samfunnet har utviklet seg vil det ikke være riktig å legge til rette for skole og barnhage der oppe. Signalet frå formannskapets så langt er at i alle fall ikkje vil ha fleire enn seks heilårsbustader. Eg utelukker ikkje at det kan bli færre, seier ordførar i Ulvik, Jon Olav Heggseth.
Politikarane i Ulvik ynskjer seg Finse som eit såkalla fritidssamfunn, med hovudvekt på høgfjell og friluftsliv. Og for å driva dette er det trong for nokon få fastbuande.
-Det trengs nokon heilårsbuande på Finse for å få samfunnet der oppe til å fungere på ein best mogleg måte, seier Heggseth.
NSB gjennomfører no salet av eigedommar, halvannan månad før reguleringsplanen blir endeleg vedteken. Dei vil ikkje venta på poltikarane for ei avklaring.