Hopp til innhold

Vil ha dyrare kollektivbillett og slutt på gratisturar for elbil

Kollektivbillettane kan bli to kronar dyrare, elbilistane må betala på ferjene og bokbåten Epos kan verta historie.

Buss og bybane i Bergen

DYRARE: Enkeltbillett på buss og Bybane kan bli to kronar dyrare neste år.

Foto: Atle Markeng / NRK

Det kan bli konsekvensane om fylkesrådmann Rune Haugsdal får det som han vil. Fredag la han fram budsjettforslaget for 2016.

Blant dei som vil merka konsekvensane om budsjettforslaget går igjennom i fylkestinget er dei kollektivreisande.

Fylkesrådmannen foreslår å auka billettprisane både på enkeltreiser og periodebillettar:

Forslag til endringar:

  • Enkeltbillett: Frå 35 til 37 kroner per billett.
  • Enkeltbillett barn og honnør: Frå 18 til 19 kroner per billett.
  • Enkeltbillett med mobilkonto: Frå 29,1 til 30,8 kroner per billett.
  • Månadskort vaksen: 745 til 780 kroner per periodekort.

Fylkesrådmann Rune Haugsdal forklarar prisauken med at det år for år vert dyrare å driva kollektivtilbodet.

– Me må følgja med på utviklinga som skjer på kostnadssida. Viss ikkje får me problem, seier Haugsdal til NRK.

Takstauken er i gjennomsnitt på 4,5 %. Det skjer etter eit kraftig hopp i prisane i 2015.

Gassferje Bergensfjord på Halhjem

KAN MÅTTE BETALA: Det kan også bli slutt på ebil-fordelane på ferjer i Hordaland.

Foto: Mette Anthun / NRK

Må betala på ferjene

Fram til i dag har det vore gratis å reisa med elbil på fylkesvegferjene i Hordaland. Den kraftige veksten i talet på elbilar gjer at fylkesrådmannen no meiner at ein må ta grep.

I budsjettforslaget foreslår Haugsdal at elbilistane skal betala halvparten av ein ordinær ferjebillett på dei 16 ferjesambanda i Hordaland.

– I år måtte me kompensera eit av reiarlaga fordi dei tapar pengar på at fleire køyrer elbil. Det er ikkje forsvarleg at me skal halda fram med dette i tida som kjem, seier Haugsdal.

Bokbåten kan forsvinna

Nedlegging av bokbåten Epos har vore ein gjengangar i dei fylkeskommunale budsjettrundane i vestlandsfylka. Nok ein gong foreslår fylkesrådmannen å leggja ned tilbodet. Tidlegare har fylkespolitikarane i Sogn og Fjordane lagt ned tilbodet i sitt fylke.

Om fylkesrådmannen får det som han vil, vert siste reis for det tradisjonsrike bibliotekstilbodet skje i løpet av første halvår 2016.

Bokbåten Epos

SISTE REIS: Bokbåten Epos er nok ein gong truga av nedlegging.

Foto: Noralv Pedersen / NRK