Vil ha dagravner når Nygårdsparken stengjer

Fleire foreldre på Nesttun fryktar at unge kan bli rekruttert til rusmiljøet når Nygårdsparken stengjer.

Eli Heggdal

SKULEVEI: Gravlunden ved Nygård kirke er skulevei for mange barn på Hop skole. No vil FAU-leiar på skulen, Eli Heggdal, at foreldre skal gå dagravn her.

Foto: Kaspar Knudsen / NRK

Byrådet i Bergen har bestemt å lukke portane i Nygårdsparken til sommaren. Den øvre delen av parken vert fysisk stengt i ein lang periode. Det betyr at ei av Nord-Europas største opne russcener må ut.

Samstundes med stenginga opprettar kommunen to nye mottakssenter for rusavhengige; eitt på Wergeland og eit på Nesttun.

Erling Birkeland

AKTIV: Erling Birkeland har vore natteravn i 16 år.

Foto: Kaspar Knudsen / NRK

No fryktar foreldre på Nesttun at unge kan bli rekruttert til rusmiljøet når senteret opnar til sommaren.

– Det er ei uro for at det skal oppstå nye opne russcener, slik det er i Nygårdsparken i dag, seier FAU-leiar Eli Heggdal på Hop skule.

Ber om dagravner

Dei har sendt brev til alle forelda på skulen med oppfordring om å melde seg som dagravn når det nye mottakssenteret for rusavhengieg opnar til sommaren.

– Målet er at det skal vere to grupper. Den eine gruppa kan gå mot Hop ungdomsskule medan den andre gruppa kan gå mot Slåtthaug, seier Heggdal medan ho går langs vegen som mange born på Midtun nyttar som skuleveg.

Måtte skrinleggje

Erling Birkeland har vore med i natteravnene i 16 år. I vår starta han eit prøveprosjekt med dagravnar på Nesttun etter ønskje frå politi og foreldre. Men no er det skrinlagt for resten av vinteren på grunn av for få frivillige.

– Eg tenkjer det er eit veldig bra initiativ. Det viktigast er at ein hindrar nyrekruttering. Der trur eg dagravnane kan gjere ganske mykje, seier Birkeland.

Også sosialbyråd frå Kristeleg folkeparti, Dag Inge Ulstein, meiner oppfordringa er eit godt initiativ.

Dag Inge Ulstein

HILSER TILTAKET VELKOMMEN: Dag Inge Ulstein er positiv til oppfordringa frå FAU på Hop skule.

Foto: Kaspar Knudsen / NRK

– Heile tanken bak å etablere desse mottakssentera er å forhindre opne russcener og redusere dei opne russcenene som er. Alle bidrag, deriblant dagravnene, er veldig positivt inn i dette totalbiletet. Det er veldig flott om tilbodet vert styrka.

Saka held fram under artikkelen

– Viktig å vere til stades

Berit Stenberg er ei av dei som har meldt seg som dagravn etter oppfordringa frå FAU.

– Eg har to barn som går på skulen på Hop no, og eg har ei som er på veg dit. Vi har høyrt at etter at bybanen kom, og vi har sett det også, har det auka med tilbod av narkotiske stoff til ungdom i Nesttun-området. Derfor tenker vi at det er veldig viktig å vere til stades.

FAU-leiar Eli Heggdal har eit håp om at dagravnene skal gå minst ein gang i veka når Mottakssenteret kjem.

– Det er betre å gå ut å gjere noko enn å sitje heime å vere uroa.