Ingen stader i landet aukar utsleppa så mykje som i Bergen.
- Ein har einsidig satsa på veg i Bergen dei siste 20 åra. Lite er gjort for kollektivtrafikken, og då får ein dei resultata ein får, meiner Kalleklev i Naturvernforbundet.
Berre slått av Kristiansand
Og tal frå Statistisk Sebntralbyrå viser at Bergen har auka utsleppa av klimagassen CO2 med 16% frå 1991 til 2004. Det er 4% meir enn landsgjennomsnittet.
Av byane her i landet er det berre Kristiansand som har større auke i utsleppa enn Bergen.
Det er biltrafikken som er hovudårsaka til den store auken. I alt er det kome over 40 000 fleire bilar i Bergen dei siste ti åra.
No er det over 130 000 bilar i byen.
- Bybanen er løysinga
Naturvernforbundet håpar på betre kollektivtrafikk.
- No er jo bybanen vedteken i Stortinget, og me meiner bybanen, i tillegg til bussatsing, er løysinga på problemet, seier Kalleklev.
I dag slepp kvar bergensar ut 3,5 tonn såkalla CO2-ekvivalentar, og no meiner Kalleklev at alle må tenkja meir på global oppvarming og klimaproblem som utsleppa fører med seg.
- Eg håpar folk no ser at dette ikkje kan fortsetja, legg ho til.
Byråd for byutvikling, Lisbeth Iversen. (Arkivfoto: Jo Hjelle/NRK)
- Skal vera på hugget
Byråd for byutvikling, Lisbeth Iversen, vil ikkje ta på seg ansvaret for auken i klimagassutslepp før dagens byregjering tok til.
Ho seier dei vil satsa på auka bruk av kolletivtrafikk, og at dei alt har klart å bremsa veksten i biltrafikk dei siste åra.
- Me må vera på hugget med kollektivsatsinga viss me skal snu denne trenden. Innan utgangen av 2007/2008 skal me klara å levera ein bussbillettpris i Bergen, seier ho.