Hopp til innhold

Vil ha båtrute frå Ågotnes

Aud Karin Oen (SV) fremma onsdag ein interpellasjon til fylkestinget om ei ny båtrute frå Ågotnes til Bergen. Under sykkel-VM vart det sett inn båt i denne ruta, og Oen vil no ha dette som eit permanent tilbod. – Her må vi smi medan jernet er varmt. Interpellasjonen vart positivt motteke, og det vil kome ei sak på dette seinare i oktober, seier Oen.

CCB-basen Ågotnes
Foto: Pål Bentdal