Hopp til innhold

Ein av fem svenskar droppa bilen med køpris

Dei som kjempar for køprising i Bergen, peikar til Sverige. I Stockholm gjekk trafikken ned med 20 prosent etter at bilistane måtte punge ut i rushtida.

Skanstull

VIL GJERA SOM SVENSKANE: Dei som kjempar for køprising i Bergen, argumenterer med at det same har fungert godt i Sverige sin hovudstad, Stockholm. Her frå Nortull-inngangen til Stockholm sentrum.

Foto: SVEN NACKSTRAND / AFP

Marita Moltu

INSPIRERT AV «SÖTA BROR»: Gruppeleiar for KrF i Bergen bystyre, Marita Moltu. Saman med Venstre og byluftslisten vil dei ha køprising i Bergen.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

– Den tidsdifferensierte bompengeordninga har fungert andre stader. Der har trafikken gått merkbart ned, seier gruppeleiar for KrF i bystyret i Bergen, Marita Moltu.

Ho meiner dei positive resultata frå andre land som har innført køprising – eit bomringsystem der prisane aukar i periodar på døgnet med mykje trafikk – er eit godt argument for å innføra «rushtidsavgifta» i Bergen.

Kan bli høg temperatur

I Bergen skal saka opp i bystyret i dag. Temperaturen kan bli høg. Tidlegare var KrF ein del av byrådet, og inngjekk då ein avtale om at køprising var noko som ikkje skulle innførast så lenge KrF var med å styre byen.

No er dei ute av samarbeidet, og har alliert seg med Venstre og Byluftlisten i saka. Saman kan dei i dag presse gjennom forslaget som vil gjera det dyrare å passe bomringane i Bergen i rushtida. Truleg er det snakk om minst 40 kroner per passering.

– Overraskande, illojalt og uventa, laut det frå politikarar i dei tidlegare samarbeidspartia i byrådet, Høgre og Frp.

Reduserte trafikken med 20 prosent

Marita Moltu i KrF ser til den svenske hovudstaden Stockholm, som i 2006 starta eit prøveprosjekt for køprissystemet. Argumenta var dei same som i Bergen; redusere biltrafikk, redusere utslepp og betre bymiljøet.

Resultata etter prosjektet synte mellom anna at biltrafikken inn og ut av Stockholm sentrum vart redusert med 20 prosent. Det førte til at køprissystemet, eller «trängselsskatt», som det heiter hjå naboen, vart innført permanent.

Eiler Macody Lund

– FEIL SAMANLIKNING: – Svenskane hadde ikkje bomring frå før, argumenterer Eiler Macody Lund (Frp).

Foto: Magnus Aamo Holte / NRK

– Og vi ser framleis at vi ligg lågare no enn før, generelt sett. Køprising har vore eit effektiv verkemiddel, seier Jonas Maran i Transportstyrelsen i Stockholm.

– Heilt feil

Og Moltu lar seg inspirera av dei positive trafikktala frå «söta bror».

– Det vise klart at dette er noko vi i Bergen må sjå nærare på.

Men ho møter motbør frå byråd Eiler Macody Lund (Frp). Han meiner det blir heilt feil å bruke Sverige sin hovudstad som eit argument for køprising i Bergen.

– Stockholm innførte køprising utan å ha hatt bompengering før. Vi har hatt bompengering i mange år, og bilistane har betalt, betalt og betalt. Det er på tide at det snart blir slutt på denne dobbelte betalinga av bompengar, seier Macody Lund.