NRK Meny
Normal

Han vil gjere gater og torg til private rom

Kjøpesenteret vil gjera store opne rom private for å ha kontroll på ro og orden. – Utan offentlege rom døyr demokratiet, åtvarar byutviklar.

Knut Eliassen

PRIVAT OMRÅDE: Senterdirektør Knut Eliassen ved Lagunen storsenter ønskjer at byrommet rundt Lagunen skal bli vidareført som private.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Lagunetorget i Bergen: I dag er området eit stort kjøpesenter – i framtida skal det verta eit nytt byrom i Fana bydel.

Men kven er det som skal ha kontroll over nye allmenningar, gågater og torg?

Kjøpesentersjefen er ikkje i tvil; han vil sjølv ha kontroll over framtidas byrom.

– Det er heilt avgjerande at desse areala blir vidareført som private, seier senterdirektør Knut Eliassen ved Lagunen storsenter.

Marianne Skjulhaug, rektor BAS

SKEPTISK: Gater og torg må vere offentlege, meiner Marianne Skjulhaug, instituttleiar for arkitektur og designhøgskulen i Oslo

Foto: Johannes Morland / NRK

Det er det fleire som ikkje er einige i. Når områdeplanen som skal transformera senterområdet skal behandlast av bergenspolitikarane, foreslår byrådet at området skal ha status som «offentleg formål».

– Byen skal vera for alle

Endringane gjer at vektarar ikkje på same måte som i dag kan visa vekk dei som opptrer på ein uønskt måte. Eliassen fryktar for tryggleiken til dei handlande.

– Publikum ser våre uniformerte vektarar og opplever at vi tar tryggleik på alvorleg. Det må vi få lov til å vidareføre både innandørs og utandørs, meiner Eliassen.

Byutviklingsbyråd i Bergen, Henning Warloe (H) er ikkje einig.

Henning Warloe

MÅ VERE OFFENTLEG: Byutviklingsbyråd i Bergen, Henning Warloe (H) meiner det offentlege må ta kontroll over byrommet ved Lagunen.

Foto: Jon Bolstad / NRK

– Om det skjer så blir det lett eit område der nokon ikkje får lov å opphalde seg. Men byen skal vere for alle, seier Warloe.

Han meiner det offentlege må ta kontroll over byrommet ved Lagunen.

– Vi ønskjer å unngå at private verksemder eller vektarar viser bort personar frå utandørsareal. Den type vurderingar er det politiet som skal gjere, seier Warloe.

– Gater og torg må vere offentlege

– Offentleg byrom er eit grunnleggande og berande prinsipp for eit demokrati, seier instituttleiar for arkitektur og designhøgskulen i Oslo, Marianne Skjulhaug.

Ho meiner det er heilt avgjerande at gater og torg vert offentlege om kjøpesentera skal verta til levande byar.

– Ein kan førestille seg at visse typar politiske demonstrasjonar ikkje blir tillaten av eit kjøpesenter. Det kan og hende at ein vurderarar då at visse grupper i samfunnet ikkje er fremmande for næringsinteressa, til dømes tiggarar, seier Skjulhaug.

– Dempa konfliktnivå

– Vil dykk sleppe til demonstrasjonar som til dømes er kritiske til dei som driv næringa dekan?

– Ein kan ikkje berre stille seg opp, men det må vere ein dialog i forkant. Eg trur det er sunt for alle partar, for då vil det bli dempa konfliktnivå, seier senterdirektør Eliassen.

Siste video

Husbrann på Askøy natt til tirsdag 23. januar.
Programleiar: Mariann Reikerås
Programleiar: Mariann Reikerås