Vil gjenoppliva Kystpilegrimsleia

BERGEN SENTRUM (NRK): I mellomalderen var kystleia den viktigaste vegen for pilegrimane som ville sjå dei norske heilagstadene. No skal det blåsast nytt liv i den gamle ruta.

"Enigheden" på veg inn Vågen i Bergen med pilegrimskista.

PILEGRIMSKISTE: «Enigheden» på veg inn Vågen i Bergen. Om bord er biskopen i Bjørgvik, politikarar og ei pilegrimskiste, som alle skal vera med på den markeringa av at Kystpilegrimsleia opnar.

Foto: Dag Harald Andersen / NRK

– No gjenopplivar me den historiske pilegrimsleia, frå Eigersund til Nidaros, seier Anne Sofie Grung Moe, kulturrådgjevar i Bjørgvin bispedøme.

Den opphavlege pilegrimsleia i Noreg skal gjerast kjend for folk. For før folk tok føtene fatt og gjekk til Nidaros, var det sjøvegen dei brukte. Frå tusentalet samla Kystpilegrimsleia religiøst søkjande frå Norden og Europa på ferda mot dei heilage stadene Nidaros og Selje.

KYSTPILEGRIMSLEI: I dag markerte kyrkja og politikarar i Hordaland opninga av Kystpilegrimsleia i Bergen.

No ynskjer Moe, og dei andre som står bak arbeidet med leia, at folk skal få oppleva ei anna side av norsk pilegrimshistorie.

– Ruta omfattar både kulturminne og det me veit om heilagstadene langs kysten. Så kombinerer me dette med reiselivsmål, slik at folk både får overnatting og mat på ferda, fortel Moe.

Fram til 8. juli siglar ei offisiell opningsferd langs kysten. Den nasjonale markeringa av Kystpilegrimsleia skjer på Smøla i Møre og Romsdal 23. juni, medan opningsferda vert avslutta av dronning Sonja på Selje 8. juli.

"Enigheden" legg ut frå Sukkerhusbryggen i Bergen.

KLARE: Mannskap og passasjerar om bord i «Enigheden» er klare for å leggja frå Sukkerhusbryggen i Bergen.

Foto: Dag Harald Andersen / NRK

Markering i Bergen

Klokka 10 runda vengjebåten «Enigheden» Nordnespynten og inn Vågen. Båten er ein kopi av den som frakta eidsvollsmennene frå Bergen til Lærdal, då dei skulle austover til grunnlovsarbeidet i 1814.

I dag var det Beate Husa, som er leiar av kulturutvalet i Hordaland fylkeskommune, Anne Elisa Tryti, byråd for byutvikling i Bergen og biskop Halvor Nordhaug som fekk plass i båten, og vart rodde inn Vågen.

Pilegrimskista vert boren gjennom Bergen sentrum.

PILEGRIMSKISTE: Pilegrimskista vert boren gjennom Bergen sentrum. Kista inneheld bøner frå alle nøkkelstadene som dei er innom på opningsferda.

Foto: Dag Harald Andersen / NRK

På Zachariasbryggen vart dei møtte av Dræggens buekorps, som fylgde dei fram til torgdagsscena, der opninga vart markert med talar og musikk.

Brei oppslutnad om prosjektet

Det var rogalendingane som i si tid løfte opp ideen om å vekkja leia til live att. Då ferda starta, var det med alle fylkeskommunane frå Rogaland til Trøndelag, dei fire bispedøma langs leia og riksantikvaren i ryggen.

Kystpilegrimsleia: Halvor Nordhaug, Beate Husa, Anna Elisa Tryti og Anne Sofie Grung Mo

KYSTPILEGRIMSLEIA: Bjørgvinbiskop Halvor Nordhaug, Beate Husa (Hordaland fylkeskommune), Anna Elisa Tryti (Bergen kommune) og Anne Sofie Grung Mo (Bjørgvin bispedøme) markerer opninga av Kystpilegrimsleia i Bergen.

Foto: Dag Harald Andersen / NRK

– Leia er akkurat godkjend som nasjonal pilegrimslei, og vil verta styrt frå Nasjonalt pilegrimssenter. Då kjem ho inn i eit nettverk av europeiske kulturvegar, seier Anne Sofie Grung Moe.

Før den tunge marknadsføringa kan starta, er det nokre detaljar som må kvalitetssikrast.

– Me må vera heilt sikre på at pilegrimane vil møta opne kyrkjer og overnattingsstader langs heile leia, seier Moe.

"Enigheden" i flott driv på veg mot Vågen i Bergen.

VART RODDE TIL SENTRUM: «Enigheden» på veg frå Sukkerhusbryggen til Zachariasbryggen med politikarar og biskop laurdag føremiddag.

Foto: Dag Harald Andersen / NRK

Pilegrimar på rutebåt og buss

Medan pilegrimane i tidlegare tider gjerne drog med båt eller til fots, er det lagt opp til at dei som vel å fylgja Kystpilegrimsleia skal kunna reisa kollektivt.

– Det går ikkje båtruter langs heile leia, så ein må over på buss eit par gonger, men dette er noko alle skal kunna vera med på. Ein er ikkje avhengig av eigen båt, fortel kulturrådgjevaren.