Torsdag la SV, Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti fram eit forslag for Stortinget (ekstern lenke) om å stramme inn prikksystemet for utestader.
– Me har fått innspel frå mange av storbyane våre om at dette er ei utfordring. Særskilt det å kunna gripa inn når ein ser at mindreårige vert skjenkte eller får kjøpe alkohol, seier leiar for helse- og omsorgskomiteen, Olaug Bollestad (KrF).
Om utestader skjenker mindreårige, vert dei i dag straffa med åtte prikkar. Etter tolv prikkar kan dei misse skjenkeløyvet for ei veke.
Det synest ikkje KrF er strengt nok. Før regjeringa endra reglane i 2016, var det nok å ta ein utestad i å skjenke mindreårige éin gong før skjenkekontoret kunne reagere.
KOMITELEIAR: Olaug Bollestad (KrF) vil lettare kunne gripe inn når mindreårige får kjøpe alkohol.
Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix– For liberalt
Helsebyråd i Bergen, og partifelle av Bollestad, Rebekka Ljosland, vil tilbake til det gamle systemet.
– Me ynskjer at byen skal verte tryggare, med mindre overskjenking og mindre skjenking av mindreårige, seier Ljosland.
Saman med Senterpartiet og SV føreslår KrF at grensa for å misse skjenkeløyvet skal gå ved åtte prikkar.
– Dersom du skjenker ein overstadig rusa får du fire prikkar. Med dagens regelverk kan du gjera dette tre gonger før du får skjenkenekt i ei veke. Det ser me at er for liberalt, meiner Ljosland.
VIL STRAMME INN: Helsebyråd i Bergen, Rebekka Ljosland (KrF), vil stramme inn skjenkereglane.
Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRKStorbyane vil stramma inn
Bergen er ein av byane som hadde eit strengare prikksystem før regelendringa i 2016. Ifølgje skjenkekontoret inndreg kommunen færre skjenkeløyve no enn før, utan at dei meiner at utestadene er blitt flinkare.
Nicholas Wilkinson (SV) seier omsynet til barn er grunnen til at også dei vil stramme inn regelverket.
– Me veit at det er barn som vert skjenkte på byen i dag, og som får kjøpt alkohol. Me veit at det er farleg for barna og veldig dårleg for det norske samfunnet, seier Wilkinson.
– Me snakkar om dei mest alvorlege brota på alkohollova, der det kan vera fare for liv og helse, seier Kjersti Toppe (Sp), som saman med SV og KrF vil ha omkamp om regelverket, slik byar som Bergen, Oslo og Trondheim ynskjer.
VIL EVALUERE: Folkehelseminister Åse Michaelsen vil vente på evalueringa før ho gjer noko med prikkordninga.
Foto: Andreas Sundby / NRKVil venta på evaluering
Folkehelseminister Åse Michaelsen (Frp) meiner regelverket er like strengt som før, om ein ser samla på alle regelendringane som er gjort.
Prikkordninga skal etter planen evaluerast i 2021, og Michaelsen synest difor forslaget frå opposisjonen kjem på feil tidspunkt.
– No ynskjer me å vente på evalueringa, og sjå det i samanheng med heile prikktildelingssystemet, seier ho.
Stortingsgruppa til Arbeidarpartiet har førebels ikkje behandla forslaget frå KrF, SV og Sp.