Hopp til innhold

Vil fremje eige lovforslag

Dersom regjeringa seier nei til gasskraftverk på Mongstad, vil Høgre ta saka opp i Stortinget, seier Børge Brende.

Børge Brende
Foto: Håkon Mosvold Larsen / Scanpix

Høgre vil då fremje eit lovframlegg, fortel den tidlegare miljøvernministeren.

- Viss regjeringa ved miljøministeren skulle finne på å seie nei til Mongstad midt oppe i ei straumkrise, vil vi ikkje akseptere det.

Stemme ned billeg straum

Han trur det vert vanskeleg for Arbeidarpartiet å få vestlandsrepresentantane til å gå samla imot gasskraftverket.

-  Eg skal gjerne sjå Arbeidarpartiet-representantane frå heile Vestlandet stemme ned eit framlegg som skaffar meir straum til ein billegare penge.

Sterke krefter i Arbeidarpartiet går inn for å byggje det omstridde gasskraftverket, mellom anna fylkeslaget i Hordaland.

Tidlegare Olje- og energiminister Olav Akselsen, som i ei årrekkje har kjempa for gasskraftverk, meiner Brendes utspel er hypotetisk.

- Vi prøver å lage ein politikk i fellesskap, og det som er viktig for meg no er å finne ei løysing som gjer at ein kan få til ei utvikling på Mongstad samstundes som ein tek hand om CO2-problema. Det er dette vi har fokus på, og ikkje teoretiske problemstillingar som Brende her dreg fram.

Vanskeleg for Ap

Men Akselsen har eit vanskeleg arbeid framfor seg.

I Soria Moria-erklæringa gjorde regjeringa det klart at det ikkje vert gitt konsesjonar til å byggje gasskraftverk utan at klimagassen CO2 vert reinsa.

På den andre sida har Statoil gjort det klart at det ikkje er aktuelt for dei å byggje eit gasskraftverk der oljeselskapet sjølv må betale for reinsinga.

Akselsen vil difor ikkje garantere at han og dei andre tilhengarane av gasskraft i Arbeidarpartiet lojalt vil støtte regjeringa viss eit nei frå der vil verte freista overprøvd av Stortinget.

- Eg kan jo ikkje garantere noko som eventuelt skal skje i ei gruppe som ikkje har behandla denne saka.