NRK Meny
Normal

– Vi vil forsøke å redde livet til nordmannen

Ein talsmann for den filippinske regjeringa stadfestar at dei vil forhandle med geriljagruppa Abu-Sayyaf for å få sett fri Kjartan Sekkingstad.

Kjartan Sekkingstad

Sidan september 2015 har Kjartan Sekkingstad vore gissel hos geriljagruppa Abu-Sayyaf på Filippinane.

Foto: Privat

Ein av president Rodrigo Duterte sine rådgjevarar stadfesta forhandlingane med geriljagruppa i eit intervju med den filippinske radiostasjonen dzRB sundag.

Det norske utanriksdepartementet er særs forsiktige med å kommentere den siste utviklinga i saka.

– Vi har registrert desse opplysningane og følgjer saka tett. Vi er i tett dialog med dei pårørande, seier kommunikasjonsrådgjevar Hilde Steinfeld i UD til NRK måndag morgon.

Gissel i åtte månader

Kjartan Sekkingstad frå Sotra i Hordaland blei kidnappa av væpna menn 22. september 2015 og har sidan vore halde som gissel av terrorgruppa Abu-Sayyaf.

Sekkingstad er blitt halden som gissel saman med kanadiske Robert Hall og John Ridsdel, samt den den filippinske kvinna Marites Flor.

Ridsdel og Hall blei begge halshogde etter at fristen for å betale løysepengar gjekk ut. Marites Flor blei sett fri 24. juni, men det er uvisst kvifor.

Løysepengar ikkje tema

Det er fredsrådgjevaren til den filippinske presidenten som skal ha ansvaret for forhandlingane. Dei har allereie gjort det klart at løysepengar ikkje vil vere eit tema i diskusjonane.

– Eg vil vere open og snakke med dei i eit forsøk på å redde livet til nordmannen. Vi vil arbeide for å få sett han fri om mogeleg, men samtalar om løysepengar vil vi ikkje delta i, seier Dureza til radiostasjonen.

Terrorgruppa har krevd seks millionar dollar for å setje fri Sekkingstad.

Gisler

I FANGENSKAP: Dette bildet av dei fire gisla blei publisert på ein islamistisk Twitter-konto i oktober. Frå venstre: Marites Flor, Robert Hall, John Ridsdel og Kjartan Sekkingstad.

Foto: Skjermdump fra Twitter

Vil halde fram til gisla er frie

Terroristgruppa har ønskt å forhandle med regjeringa, og regjeringa skal allereie ha sendt representantar for å utføre diskusjonane.

Talsmann for presidenten, Martin Andanar, seier til radiokanalen DzRB at forhandlingane vil halde fram til dei siste gisla er sett fri.

Abu Rami, som skal vere talspersonen til terrorgruppa, skal ha ønska å snakke direkte med Dureza om frigjeving av nordmannen.

Lot Sekkingstad snakke på radio

Rami skal også ha latt Sekkingstad sjølv snakke på radio.

Ifølgje den filippinske avisa The Standard skal Sekkingstad ha bedt den norske og den filippinske regjeringa om hjelp, fordi summen terrorgruppa vil ha for å setje han fri er langt meir enn det familien hans kan klare å få tak i. Han ba om hjelp fordi det var svært farleg for han å bli der han er no.

Abu Sayyaf skal så ha sendt ei tekstmelding til den filippinske radiostasjonen der dei truga med å halshogge Sekkingstad dersom dei ikkje kjem i kontakt med forhandlarar frå regjeringa.

Siste video

.....på kaien ventet familien.
Aksjon mot det politiet mener er asylsøkere som har oppgitt feil hjemland. Se sendingen med programleder Jan Børge Leirvik.
Kunstnere med julekalender i flere norske byer i desember.