Hopp til innhold

Har framleis tillit til styret i Ferde

Dei tre fylkeskommunane som eig bomselskapet Ferde har framleis tillit til styret, men varslar at dei vil ta opp forslag om styreendringar på generalforsamlinga i april.

Ekstraordinær generalforsamling i Ferde 3. januar 2020

EKSTRAORDINÆR GENERALFORSAMLING: Tillitsspørsmålet var ikkje på sakskartet under den ekstraordinære generalforsamlinga i Ferde AS fredag.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

NRK presiserer: Overskrifta og enkelte formuleringar i denne artikkelen er endra etter publisering. I ein tidligare versjon stod det i tittel «Vil førebels ikkje kasta styret i Ferde». Artikkelen er også oppdatert med nye formuleringar om forhold NRK tidlegare har omtalt om bomselskapet Ferde.

– Tilliten til styret var ikkje et tema i dag. Enten så har ein tillit, eller så har ein ikkje tillit, seier fylkesordførar Jon Askeland (Sp). Ferde, som er eigd av fylkeskommunane Vestland, Agder og Rogaland, krev inn bompengar frå bilistane på Sørlandet og Vestlandet.

På grunn av fylkessamanslåingane ved årsskiftet var det ekstraordinær generalforsamling i Ferde AS fredag. Tillitsspørsmålet var ikkje på sakskartet.

Politiske reaksjonar

Sidan sommaren 2019 har NRK i ei rekkje artiklar og reportasjar fortald om korleis tilsette i Ferde har hatt eigarinteresser og biarbeid i andre selskap som bomselskapet samtidig har handla med.

Blant anna kom det fram at Ferde-direktør Trond Juvik i Bergen heva millionlønn frå det offentlege samtidig som han styrte eit system for innkrevjing av skatt i ein provins i Kongo.

Avsløringane har ført til at samferdselsminister Jon Georg Dale (Frp) har stilt spørsmål ved at leiarar og tilsette i Ferde gjennom eit privat selskap har jobba med eit skatteinnkrevjingssystem i Kongo.

Juvik har understreka at han har brukt si private tid på eit begrensa biarbeid for det private selskapet, og at han har oppfylt alle forpliktingane overfor bomselskapet.

Les også: Bomsjef Trond Juvik i Ferde snakkar ut

Trond Juvik i eiermøte 4 desember 2019

DIREKTØR: Ferde-direktør Trond Juvik i Bergen heva millionlønn frå det offentlege samtidig som han styrte eit system for innkrevjing av skatt i ein provins i Kongo. Her frå eigarmøte i desember.

Foto: Stian Sørum Røkenes / NRK

Ikkje lovstridig

Fleire politikarar reagerte på opplysningane i NRK-artiklane, og styret i det fylkeskommunale selskapet Ferde bestilte ein gransking frå advokatfirmaet Kluge. Rapporten konkluderte med at Juvik hadde gjort feil, men ingen lovbrot:

«Kluge har ikkje funnet noko med tilknyting til Kongo-prosjektet som tyder på at tilsette eller tillitsmenn i Ferde har opptredd lovstridig».

Ny rapport om kort tid

Ein rapport frå Deloitte er venta om få dagar.

Fredag var det ekstraordinær generalforsamling i Ferde AS, med dei tre fylkeskommunane som etter fylkessamanslåingane 1. januar eig selskapet: Vestland, Agder og Rogaland.

Vestland fylkeskommune er administrator for det fylkeskommunale samarbeidet om Ferde.

På fredagens generalforsamling stod val av styre på saklista. Bakgrunnen var at Rogaland skulle auka sin aksjepost og få ein ekstra styremedlem for å bli likeverdig Ferde-eigar med dei nye storfylka Agder og Vestland.

– Rogaland skal no velja sin ekstra styrekandidat før den ordinære generalforsamlinga i april.

Ferde, lukkede dører

VILLE VURDERA STYRET: Før jul tok gruppeleiar Terje Søviknes i Vestland Frp initiativ til at framtida til styret i Ferde må vurderast.

Foto: Christian Lura / NRK

Gruppeleiar Terje Søviknes i Vestland Frp tok før jul initiativ til at framtida til styret i Ferde må vurderast. Men etter fredagens møte er det klart at dagens styre i Ferde førebels får halda fram.

Styreleiar i Ferde, Paul M. Nilsen, konstaterer at hans og dei andre si framtid i styret ikkje blei diskutert i dag.

– Det har ikkje vore diskusjon om det i dag. Eigarane skal diskutere dette, så trur eg man må ta det derfrå. Styreleiar har alltid tillit så lenge han har tillit.