Kvart år tener privatpersonar og firma store summar på å kjøpa billettar og selja dei svart. Og det gjer dei heilt lovleg.
Forbod om kort tid?
Men dette vil stortingsrepresentant for SV, Magnar Bergo, ha ein slutt på.
- I løpet av kort tid skal det komma eit forbod mot svartebørs. Me vil ha slutt på det som forretningsidé, og det betyr at det óg vil bli slutt på annonsering og marknadsføring av denne type billettar, seier han.
Sel Stones svart
Til sommaren kjem Rolling Stones til Bergen. Dagleg leiar hjå arrangørane i BergenLive AS, Frank Nes, fryktar mykje svartebørshandel på billettmarknaden.
- Eg tykkjer det er feil at andre igler skal tena pengar på noko me har jobba for, meiner han.
Fleirtal for forbod
Stortingsrepresentant Bergo har lenge kjempa mot at privatpersonar og firma kan kjøpa billettar og selja dei vidare til ein høgare pris.
No har han fleirtalet i Stortinget bak seg.
- Eg meiner me mest truleg har denne lova på plass innan utgongen av 2006, fortel Bergo.
Soria Moria-erklæringa har eit eige punkt der det står at regjeringa skal fullføra arbeidet med å forby svartebørshandel av billettar til kultur- og sportsarrangement.
Slutt på marknadsføring
Forbrukarombod Bjørn Erik Thon har fått mange klagar frå folk som har kjøpt billettar svart.
Med lovendringa vil det óg bli ulovleg å marknadsføra svartebørsbillettar.
- Eit forbod vil gje oss større moglegheiter til å gripa inn i desse selskapa som driv med svartebørssal. Når dei ikkje får marknadsføra seg vil dei óg forsvinna, meiner Thon.