Designsenteret får årleg 70 millionar i statsstøtte for å styrka norsk design og arkitektur.
Men etter fleire år med krangling og budsjettoverskridingar, meiner fagmiljøa i vest og nord at nok er nok.
No vil leiaren for Design Region Bergen flytta dei førti arbeidsplassane til Bergen og andre designsentera i landet.
4 mill. til konsulentbruk om arbeidsforhold
I 2014 fusjonerte Norsk Designråd og Norsk Form til stiftinga Design og Arkitektur Norge (Doga). Etableringa av det nye senteret ved Akerselva i Oslo kosta 75 millionar statlege kroner, og var meint å frigjera pengar til aktivitetar.
Snart fire år seinare kostar etableringa framleis dyrt. Måndag skreiv Aftenposten at stiftinga berre i år har brukt 4,1 millionar kroner på konsulentar knytt til arbeidsforholda.
Sidan fusjonen i 2014 har over 20 tilsette slutta, deriblant tre administrerande direktørar. Seinast i går vart det kjent at nok ein direktør går av.
Administrasjonsdirektør Thrine Kallseter sluttar ved nyttår (ekstern lenke) etter fleire år i Norsk Designråd og Doga.
– Det er utruleg synd at pengane går til å krangla internt. I Bergen får me umiddelbare effektar gjennom å arbeida tett på område der næringa og samfunnsaktørane er, seier Monica Hannestad.
Usynleg i nord
Direktøren for Design Region Bergen får støtte frå sin kollega i Nordnorsk design og arkitektursenter (Noda), Michele Renee Widerøe.
Noda blei oppretta som ein direkte konsekvens av at Doga ikkje var til stades i Nord-Noreg.
– Etter to år som prosjekt og tre år som stifteorganisasjon har me ikkje hatt noko samarbeid med Doga og ikkje opplevd at dei har stått bak aktivitet i Nord-Noreg, seier Widerøe.
Administrerande direktør Trude Gomnæs Ugelstad i Doga forstår kritikken.
– Eg kan godt forstå at Widerøe synest me har vore for lite i Nord-Noreg. Me kunne sikkert ha vore endå meir til stades og det håpar eg me kan få lov til å vera i framtida.
– Korleis reagerer du på spørsmål om deler eller heile Doga bør flyttast ut av Oslo?
– Det har eg ingen reaksjon på. Me har ikkje hatt det oppe som eit diskusjonstema, seier direktøren, som går av etter nyttår.
Departementet: – Krevjande omstilling
Stiftinga er underlagt Nærings- og fiskeridepartementet, og har som føremål å auka innovasjonen innan fagfelta. Statssekretær Dilek Ayhan (H) omtalar tida etter samanslåinga i 2014 som «krevjande».
– Styret er i ferd med å utarbeida ein ny strategi som eg ser fram til å få presentert nærare.
Ayhan peikar på at departementet har sett klare mål og føringar for det årlege tilskotet til Doga, som sidan 2014 er redusert med 5 millionar kroner.
Statssekretæren viser til at det er styret i stiftinga som vel kor i landet dei ynskjer å ha sine tilsette plassert.
– Det er ikkje departementet som styrer stiftinga eller kor stiftinga vel å ha sine tilsette.