Hopp til innhold

Vil fengsle vinningskriminell

Politiet ber om fire veker i varetekt for ein mann i 30-åra som er sikta for vinnings- og narkotikakriminalitet. Mannen, som tidlegare er domfelt, vart arrestert i Bergen sentrum onsdag morgon. – Den førebelse siktinga omfattar 16 forhold frå juni til september. Mannen har teke seg inn i næringsbygg og kontorlokale, og teke med seg ting derfrå, seier politiadvokat Trine-Benedikte Opdal.