Hopp til innhold

Vil fengsle mann for 11 forhold

Politiet framstiller ein 25 år gamal mann for fengsling i Nordhordland tingrett i dag, med 11 punkt på siktinga. Mannen er mellom anna sikta for båttjuveri og tjuveri frå båtar i Meland i september, samt bilkøyring i rusa tilstand og utan gyldig førarkort. Politiet ber om fire veker grunna fare for gjentaking.