Hopp til innhold

Vil fengsle mann etter knivstikking

Politiet vil fengsle ein mann i slutten av 40-åra etter knivstikkinga på Voss i helga. Det er uklart kva som skjer med den andre sikta. Politiadvokat Asgeir Ohnstad ber om fire veker i varetekt for mannen dei meiner utførte knivstikkinga. Politiet har undersøkt ein varebil og ein del av Vallaviktunnelen på riksveg 13. Ohnstad vil ikkje seie om kniven er funnen eller kvar dei trur valden har skjedd.

Pågrepet tas med til Bergen
Foto: Ørjan Brattetveit / Avisa Hordaland