Hopp til innhold

Filmbransjen på Vestlandet vil endra norsk filmpolitikk

Den vestlandske filmbransjen håpar ein felles strategi skal sikra meir statleg støtte til film på Vestlandet. Ved å samarbeida ønskjer dei å bli ei reell motvekt til hovudstaden.

Flimmer Film

OPPTAK TIL SERIE: Produksjonsselskapet Flimmer Film er ein sentral aktør i filmbransjen på Vestlandet. Her gjer dei opptak til ein serie som blei produsert i fjor.

Foto: Flimmer Film

– Den norske filmpolitikken er eit av dei kulturpolitiske felta som er mest sentralisert. Det er ein enorm innverknad i hovudstadsområdet, seier utviklingssjef Ronny Skår i kulturavdelinga til Hordaland fylkeskommune.

Ronny Skår

FLEIRE FILMMILJØ: Utviklingssjef Ronny Skår i Hordaland fylkeskommune meiner Noreg treng fleire filmmiljø som utfyller kvarandre.

Foto: Turid Rogne / NRK

Dette vil aktørar i filmbransjen frå dei fire fylka Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal no jobba saman for å få ei endring på.

Gjennom samarbeidsorganet Vestlandsrådet vil dei utarbeida ein felles filmstrategi.

– Slik at me kan styrka filmbransjen i alle ledd, og ikkje minst det kunstnariske. Det er der eit land som Noreg treng fleire tyngdepunkt, fleire stemmer, og fleire miljø som utfyller kvarandre, ikkje berre kopierer kvarandre, seier Skår.

Vestlandet som ei motvekt til Oslo

Representantar frå filmbransjen i dei fire fylka meiner Vestlandet som filmregion skil seg ut, og bør få meir merksemd og statlege kroner for å konkurrera med miljøet i Oslo. Onsdag var dei samla til eit oppstartsmøte i Bergen.

Produsent Lars Løge i Flimmer film trur Vestlandet saman kan bli ei reell motvekt til Oslo.

– På dokumentar meiner eg det er ei reel motvekt til Oslo-miljøet allereie. Det kan ein dra veksel på vidare. Når det gjeld spelefilm så er det nok ein lengre veg å gå i alle fall i Bergen. Stavanger gjer det veldig godt når det gjeld spelefilm, seier Løge.

Han meiner det er uheldig at andre regionar ofte må måla seg mot hovudstaden.

– Poenget er ikkje å visa ein finger til Oslo, poenget er å laga mest mogleg god film og få mest mogleg talent til å bli eller komma til regionen, seier Lars Løge.

LES OGSÅ:

Vil ha fleire utanlandske produksjonar

Under møtet i Bergen diskutert den vestlandske filmbransjen kva ein felles strategi må innehalda. Jostein Ryssevik i konsulentselskapet ideas2evidence har fått i oppdrag å formulera sjølve strategien.

– Viss du ser heile Vestlandet i saman så er det den overlege største filmregionen utanfor den hovudstadsdominerte filmbransjen. Det er den mest vitale, mest samansette og den største, seier Ryssevik.

Produsent Lars Erik Ørgersen i produksjonsselskapet BUG trur det er viktig at filmbransjen på Vestlandet står saman.

– Det blir litt for smått når ein er for små. Så det er fint at ein kan ha noko felles, felles mål og felles strategi, seier Øgersen.

Han meiner det er viktig å få på plass ei incentivordning som vil gjera det økonomisk attraktivt for utanlandske selskap å laga film på Vestlandet.

– Me sitt på eit fantastisk location, altså landskapet. Ei slik incentivordning ville ha dratt inn mange produksjonar frå utlandet, som gir filmarbeidarar veldig viktig erfaring som dei kan bygga på vidare, seier Øgersen.