Hopp til innhold

Vil dyrka tare ved oppdrettsanlegg

Oppdrettsselskap vil slå to floger i ein smekk. Søkjer om taredyrking like ved oppdrettsanlegg.

Sukkertare

TARE: Oppdrett av tare skjer fleire stader i landet. No kan det koma eit nytt anlegg i Masfjorden.

Foto: Anne Torhild Nilsen / NRK

Verksemda Engesund Fiskeoppdrett AS søkjer om å få dyrka tare ved Laberget i Austfjorden i Masfjorden, skriv Strilen.

Poenget er at taren kan reinsa sjøen ved anlegget, og samstundes henta næring frå lakseoppdrettet.

Oppdrettsanlegget er allereie i drift på staden, og tareoppdrettet vil såleis koma i tillegg.

Selskapet har starta eit forsøksprosjekt saman med to andre oppdrettsselskap, der ein vil prøva ut om dette er ein teknologi som fungerer i praksis, skriv avisa.

Det er liknande oppdrettsplanar fleire stader i landet. Naturvernforbundet har tidlegare vore kritisk, og meint at det blir gitt for mange slike løyve.

– Dette minner om den spede oppstarten av laks og aure i Noreg. Då blei det gitt løyve overalt, utan at ein hadde på plass dei rette miljøkrava, har generalsekretær i Naturvernforbundet, Maren Esmark, uttalt til NRK.