VIL DIMENSJONERE FOR BYBANE:
Fylkestingsgruppa til Hordaland KrF har i kveld hatt gruppemøte, der saka om bybane til Sotra vart diskutert. Dei er samde i at ei ny Sotrabru bør dimensjonerast også for bybane, i motsetning til kva samferdsleutvalet i fylkeskommunen meiner. – Det vil bli langt meir krevjande å legge til rette for bybane til Sotra ved ein seinare anledning, heiter det i ein pressemelding frå partiet.