Hopp til innhold

Vil fylla det offentlege rom med skugge for å skjerma deg mot hudkreft

BERGEN (NRK): Myndigheitene med ny «UV-strategi» for å få ned dei høge tala på hudkreft.

Solskjerma lekeplass i Australia

SKUGGESEGL: Ein leikeplass med justerbare segl gir solskjerming for born i Australia. Dette kan bli framtida i Noreg også.

Foto: Lill Tove Nilsen, Statens Stålevern

Sjå føre deg offentlege plassar dekka av skugge: Å ta utepilsen under eit tak, og at borna dine får ein stor presenning over leikeplassen.

– For å førebyggja hudkreft trengst meir skugge i offentlege rom, seier Lill Tove Nilsen, seniorforskar i Statens strålevern og president i forskarforeininga Euroskin.

– Dessverre ligg Noreg på topp når det gjeld hudkreft. Me har ikkje den sterkaste UV-strålinga, men nordmenn har lys hud og solar seg for intenst, seier Nilsen.

Nordmenn har ein tendens til å bråsola seg, når me endeleg ser sola.

Lill Tove Nilsen, Statens Stålevern

Strålande i Bergen

På studietur i Australia har ho sett døme på gjennomsiktig tak med UV-filter på uterestaurantar, og fleksible segldukstak på leikeplassar.

– Nå er me i Bergen. Her manglar ikkje akkurat skugge?

– Nei, men når de har strålande sol, er det veldig strålande. Då trengst skugge også her.

Utepils

ØL I SOLNEDGANG: Utepils på Bryggen i Bergen bør kunna nytast under UV-skjerma glastak, meiner Statens strålevern.

Foto: Christine Kongsvik

– Plant tre!

Helsedirektoratet og Strålevernet startar no ein nasjonal UV-strategi, der skuggeareal blir sentralt.

Det er viktig at det finst skugge der folk er.

Lill Tove Nilsen, Statens Stålevern

– Mangelen på skuggefulle offentlege stader er eit problem. Dei som planlegg byromma er for lite opptatt av de, seier overlege Atle Brun ved Haukeland universitetssjukehus.

– På opne plassar kan bygningane rundt gi skugge. Treplanting er eit veldig godt tiltak. Eller benkar under konstruksjonar, seier seniorforskar Nilsen.

Lill Tove Nilsen, Statens Strålevern

BRÅSOLING: – Nordmenn solar seg for hardt, og treng skugge, seier seniorforskar Lill Tove Nilsen i Statens strålevern då me møter henne i ein overskya Bergen.

Foto: Leif Rune Løland, NRK

– Nokon vil kalla dette eit perifert og tullete tiltak mot hudkreft?

– I mange år har me prøvd å informera folk om å ta solingspause, men det er ikkje nok å informera viss skugge ikkje er tilgjengeleg.

Ser til Australia

Arkitekt Matthew Anderson som driv firmaet Arkitekturkollektivet, har skrive masteroppgåve om å utnytta skuggefulle byrom i Oslo. Han er frå Australia:

– Der er det mykje meir solavskjerming. Både befolkninga og fagfolka er medvitne om å oppsøka skugge.

Solavskjerma offentlig uteplass i Australia

SOLSKJERMA UTEKAFÉ: Gjennomsiktig tak med UV-filter på ein australsk utestad.

Foto: Lill Tove Nilsen, Statens Strålevern

Han meiner solskjerma leikeplassar burde vera obligatorisk.

– Både born og vaksne bør ha omgjevnadar som innbyr til skugge.

– Det er kanskje få nordmenn som helst vil ta utepilsen i skuggen?

– Ja, men folk bør ha valet. Eg personleg syns ikkje timevis i sola er behageleg.

Hans Christian Wulf er professor i hudkreft i København.

– Mot føflekkreft er skugge mykje meir effektivt enn solkrem, men eg tvilar på stor effekt av meir tilgjengeleg skugge. Dei fleste oppsøker kvar minste solstråle.

Illustrasjon fra Matthew Andersons masteroppgave

MØRKT OG TRYGT: Skuggefulle uterom er ein viktig kvalitet, seier arkitekt Matthew Andersen i Arkitekturkollektivet.

Foto: Matthew Anderson

Hudkreft hjelper ikkje

I eit forsøk let Wulf hudkreftpasientar gå med ein instrument på kroppen som målte soleksponeringa.

Det første året etter diagnosen sola dei seg mindre enn gjennomsnittsbefolkninga, men etter to år sola dei seg igjen meir enn dei fleste.

– Ikkje ein gong hudkreftdiagnose gjer folk meir forsiktige.

– Men skuggesegl på leikeplassar er eit klokt tiltak. Då venner heilt små born seg til å vera i skuggen. Dei får uansett nok D-vitamin, seier Wulf.

Hans Christian Wulf

TVILAR: – Offentleg skugge vil ha liten effekt. Ikkje ein gong hudkreftpasientar sluttar å sola seg hardt, seier professor Hans Christian Wulf.

Foto: Leif Rune Løland, NRK