Hopp til innhold

Flytebruer kuttar kraftig i reisetida

Med to svære flytebruer over Bjørnefjorden og Boknafjorden kan reisetida mellom Bergen og Stavanger bli korta ned til to og ein halv time.

Løsingen på en ferjefri E39 fra Stavanger til Bergen kan være flytebru.
Flytebru over Boknafjorden og Bjørnefjorden er den tekniske løysingen som kan gi to og en halv time reisetid mellom byene. Det mener Vegvesenet som nå ser på økonomien.

SJÅ VIDEO: Vil ha to flytebruer på ferjefri E39.

Draumen om ein ferjefri og kortast mogleg E39 frå Bergen til Stavanger kan vera eitt steg nærare.

Det krev i så fall ei flytebru over Bjørnefjorden.

Teknisk mogleg

– Teknisk er det er fullt mogleg å gjennomføra, men det vil jo kosta ein del, seier prosjektleiar Olav Ellevset i prosjektet Ferjefri E39 til NRK.no.

Alternativet til flytebru over Bjørnefjorden i Hordaland er ein ferjefri veg som svingar innover i landet, via Tysnes og Fusa. Men denne løysinga gir ikkje den kortaste reisetida.

– Viss løysinga med flytebru ikkje blir dyrare og ikkje tar lengre tid, så trur eg vi må sjå på om ikkje dette er løysinga vi bør gå inn for, seier Øyvind Halleraker (H) i samferdslekomiteen på Stortinget.

I fjor sommar la Statens vegvesen fram ein rapport der dei tilrådde å arbeida vidare med to alternativ for ferjefri veg mellom Bergen og Stord : Det eine gjennom Fusa og det andre over Bjørnefjorden.

I sommar kom ein rapport frå Transportøkonomisk Institutt og Dovre Group som sa at flytebru over Bjørnefjorden er det samfunnsøkonomisk mest lønsame av dei to alternativa.

Ferjefri kyststamveg

TO ALTERNATIV: Rett fram og over ei flytebru eller ein kraftig sving innover i landet? Det er alternativa for ferjefri veg mellom Bergen og Stord.

Foto: NRK

– Meir enn luftslott

Dersom det er politisk vilje kan ein koma tørrskodd over Bjørnefjorden i løpet av 2020. Men det gjenstår enno svært mykje politisk handverk før denne løysinga kan bli realisert.

Stortingsrepresentant Magne Rommetveit (Ap), som også er medlem av samferdslekomiteen, er svært optimistisk.

– Dette er mykje meir enn eit luftslott. No viser det seg at dette kan la seg gjennomføra. Eg meiner at det å knyta saman Vestlandet er eit så viktig prosjekt at det bør vi få gehør for også elles landet, seier han.

Les og:

KVA MEINER DU OM FLYTEBRU? SKRIV GJERNE I KOMMENTARFELTET.