Hopp til innhold

Skuleborn får tidlegare narkomane og kriminelle som næraste naboar

– Vi fryktar ungdommane våre blir ein tilgjengeleg og attraktiv marknad for narkosal, seier FAU-leiar.

Nattland skole

NATTLAND SKOLE: Medan nye Nattland oppveksttun vert bygd, går elevane på skule i dette bygget. Like ved det nye oppveksttunet bygger no kommunen bustadar for tidlegare kriminelle og rusavhengige.

Foto: Runa Victoria Engen / NRK

Berre eit steinkast unna det nye oppveksttunet på Nattland i Bergen, vil kommunen byggje kommunale bustadar for vanskelegstilte grupper.

Det er miljøet dei dreg med seg vi er uroa for.

FAU-leiar Ragnhild Nordenborg

Det vil seie at flyktningar, folk med psykiske vanskar, tidlegare narkomane og kriminelle skal få leige seg rimeleg husvære her, som næraste nabo til oppveksttunet med barne- og ungdomsskule.

Saman med ei rekkje bebuarar og organisasjonar i området har FAU-leiar Ragnhild Nordenborg no skrive brev til sosialbyråd Eiler Macody Lund (Frp), der dei ber han droppe planane.

– Vi fryktar den påverknaden ei brukargruppe beståande av tidlegare kriminelle og rusmisbrukarar vil ha på våre barn og ungdommar spesielt, seier ho.

Vil ikkje ha eks-rusmisbrukarar i nabolaget

Ragnhild Nordenborg

FAU-leiar Ragnhild Nordenborg vil ikkje ha rusmisbrukarar og narkomane tett i tett med skulen på Nattland.

Foto: Runa Victoria Engen / NRK

FAU ved Nattland skole har bede om eit møte med sosialbyråden i Bergen. Dei vil be om at kommunen gjer om vedtaket, og plasserer andre brukargrupper i dei kommunale bustadane.

– Vi veit at risikoen for tilbakefall er stor i desse gruppene, og ønskjer at kommunen plasserer andre brukargrupper her. Dette har gitt både barn og vaksne ei kjensle av å ikkje vere trygge, seier Nordenborg.

– Det er jo ikkje sikkert at dei som kjem inn i desse kommunale bustadane vil selje narkotika til barna våre, men det er det miljøet dei dreg med seg vi er uroa for.

– Me har god erfaring med dette

Eiler Macody Lund

FORSTÅR DEI ER UROA: – Men vi har gjort dette mange gonger før, og har god erfaring med å busette alle typar menneske som har behov for kommunale bustadar, seier sosialbyråd Eiler Macody Lund (Frp).

Foto: Magnus Aamo Holte / NRK

Når bygget i Merkurveien i Bergen står klart i slutten av 2016, vil det huse elleve nye kommunale leilegheiter. Sosialbyråd Eiler Macody Lund (Frp) seier han godt kan forstå at naboar og FAU ved Nattland skule er uroa.

– Eg forstår det veldig godt, fordi dei veit i grunn ikkje kva type menneske som kjem til å flytte inn der. Frykt for det ukjente er vanleg hos alle. Når ein ikkje veit kva som kjem har ein god grunn til å vere nervøs, og spesielt dei som har barn som går på skulen.

– Men vi har gjort dette mange gonger før, og har god erfaring med å busette alle typar menneske som har behov for kommunale bustadar. Vår erfaring er at naboar brukar å bli roa etter kvart, seier Lund.

Det vil ikkje bli etablert eit oppfølgingsapparat i bygget, men bebuarane som skal inn i dei kommunale bustadane vil få buoppfølging frå kommunen. Opplever naboane gjentatte problem med bebuarar i dei kommunale bustadane, kan dei bli flytta til ein anna stad, forsikrar byråden.

Vil spreie dei kommunale bustadane

I Bergen kommune har ein i dag ei opphoping av kommunale bustadar i enkelte område som Nygård, Slettebakken og Årstad.

Både naboar og dei som har barn på skulen kan vere heilt trygge på at dette går bra.

Sosialbyråd Eiler Macody Lund (Frp)

– Dette er ein politikk vi ikkje ønskjer å halde fram med. Vi vil flytte bebuarar rundt om i heile byen. Vi er også avhengige av dei tomtene som er tilgjengelege, og det er ikkje så mange av dei, seier byråden.

FAU-leiar ved Nattland skole, Ragnhild Nordenborg, reagerer også på at kommunen verken har informert naboar eller FAU om kven som kjem til å flytte inn i bustadane like ved skulen, og kva oppfølging dei skal få.

Macody Lund seier kommunen vil kalle inn til eit informasjonsmøte like over jul.

– Både naboar, og dei som har barn på skulen, kan vere heilt trygge på at dette går bra, for dette har me lang og god erfaring med, seier han.