Vil bruke danskebåten til å frakte nybilar

Godsterminal-planen i Bergen gjekk i vasken. No vil hamnevesenet og Fjord Line bruke danskebåten til å frakte nye bilar langs vestlandskysten.

Danskebåten på vei fra Bergen mot Stavanger og Hirtshals

GOD PLASS: Fjord Line-båtane har plass til 600 bilar. Ein god del av plassane står tomme på turane i dag. – Vi bør kunne frakte minst 25 bilar mellom Stavanger og Bergen kvar dag, seier salssjef Håkon Leidland.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Bybaneutbygginga i Bergen får konsekvensar for nybilfrakten.

I dag kjem bilar frå utlandet med båt til Drammen. Der blir dei lasta over i spesialtogvognar, og sendt ut på jernbaneskjenene til ulike byar i Noreg.

I Bergen stoppar toga på Mindemyren sør for sentrum. Men dette området skal no brukast til utbygging av Bybanen til Fyllingsdalen.

Jernbanedirektoratet ville ha ein mellombels godsterminal på Koengen ved Bergen sentrum.

Det er brukt 40 millionar kroner på å førebu løysinga, men i førre veke sa Klima- og miljødepartementet nei.

Ein svært skuffa jernbanedirektør konstaterte overfor BT at bilane truleg må fraktast på trailerar, om ingen kjem med eit anna alternativ.

No gjer hamneselskapet i Bergen, Bergen og Omland Havn AS, nettopp det.

Dei skisserer ei løysing der alle bilar som skal til Vestlandet blir frakta med tog til Stavanger – og vidare med Fjord Line sine «danskebåtar» frå Stavanger til Bergen.

– Me meiner dette er ei god løysing, og eit steg på vegen til å få permanente biltransportar inn til Vestlandet, seier forretningsutviklar Nils Møllerup i Bergen og Omland Havn.

Mindemyren godsterminal Bane Nor

MINDEMYREN: I dag kjem dei fleste nye bilar med tog og har venteplass på Mindemyren før dei skal ut i butikkane.

Foto: Cato Heldal Kristensen / NRK

– Kan kome i gang i morgon

Fjord Line er klare. Møllerup seier det berre er opp til marknaden.

– Denne løysinga kan kome i gang i morgon. Vi køyrer allereie i dag ein del bilar med Fjord Line, rett nok heilt frå Hirtshals og til Stavanger og Bergen. Det fungerer heilt fint, seier han.

Fjord Line har ledig kapasitet på dei daglege rutene frå Stavanger til Bergen, og er allereie i dialog med transportselskap.

– Som utgangspunkt bør vi kunne frakte minst 25 bilar mellom Stavanger og Bergen kvar dag. Det er sjølvsagt fleire seglingar der vi kan ta meir og, seier salssjef for frakt Håkon Leidland.

Men transportselskapa må altså vere med på laget.

Axess Logistics står for størstedelen av nybiltransporten til Bergen. Administrerande direktør Eva Sundberg skriv i ei tekstmelding til NRK at dei er i dialog med ulike instansar om kva vedtaket om Koengen betyr. Ho vil førebels ikkje kommentere saka ytterlegare.

Mindemyren godsterminal biltransport

GODSTOG: Dei nye bilane som kjem inn til Bergen kjem i dag med tog til Mindemyren. No skal dette området brukast til bybaneutbygging.

Foto: Cato Heldal Kristensen / NRK

Mellombels lagring på Ågotnes

Når bilane kjem med båt til bergensområdet, tenkjer Bergen og Omland Havn å mellomlagre dei på CCB-basen på Ågotnes i Fjell kommune på Sotra, før dei blir køyrt til forhandlarane.

– Areala der står ledige i dag. Skulle vi få ein førespurnad frå marknaden, er vi klare, seier Møllerup.

Varaordførar i Fjell, Tom Georg Indrevik, er positiv til idéen, men seier kommunen vil stille krav til vidaretransporten av bilane.

– Det må skje på eit tidspunkt kor det ikkje belastar vegane ytterlegare. Vi har allereie problem i dag, seier Indrevik.

CCB-basen Ågotnes

«NYE BERGEN HAMN»: Godshamna skal flytte frå Bergen til CCB-basen på Ågotnes.

Foto: Pål Bentdal