Hopp til innhold

Vil bremse deg til 60 km/t for å få betre luft

Miljøpartiet Dei Grøne vil at farten skal vera låg når forureininga er høg.

Motorveien E39 mot Åsane i Sandviken ved NHH

VIL HA FARTEN NED: Ifølge forsking er 60 km/t optimal hastigheit for å oppnå flyt i trafikken og dermed mindre utslepp frå bilane. Her frå motorvegen gjennom Ytre Sandviken ved NHH i Bergen.

Foto: NRK

Erfaringar frå hovudstaden Oslo har synt at ein reduserer utsleppa og får betre trafikkflyt om fartsgrensa vert redusert. Sondre Båtstrand (MDG) fremjar no eit forslag om dette til bystyret i Bergen.

– Det er mykje som viser at det er ein klar samanheng mellom fart og utslepp. Det vert tydeleg mindre svevestøv om farta går ned. Oslo har gjort dette med suksess, argumenterer Båtstrand.

Virvlar opp mindre støv

Vegvesenet sette for nokre år sidan inn tiltak på ringvegane i Oslo for å få ned forureininga og betra miljøet i byen.

Eitt av tiltaka var lågare fartsgrense om vinteren, fordi det på denne tida av året dannar seg eit lag med svevestøv langs fortauskantane. Dette blir virvla opp når bilane køyrer forbi.

Vegvesenet fann ut at ein reduksjon i farta frå 80 km/h til 60 km/t reduserte svevestøvet i vegen med nesten 40 prosent.

No meiner Båtstrand at farten må ned også i Bergen. Han meiner kommunen har rett til å innføra ei slik ordning på dei dagane når luftforureininga er høg.

– Det verkar som om lovverket er klart, slik at alt ligg til rette for at me faktisk kan redusera farten når det er trong for det.

Sondre Båtstrand

Sondre Båtstrand i Miljøpartiet Dei Grøne framfor Bybanen i Bergen.

Foto: Miljøpartiet Det Grøne

– 60 km/t er optimal fart

Forskar Rolf Hagman ved Transportøkonomisk institutt seier det viktigaste for å redusera utsleppa er at ein oppnår flyt i trafikken.

– Ein må unngå køkøyring og trafikkstopp. Det er det avgjerande, seier han til NRK.

Forskaren forklarer at all endring av hastigheit i ein bil gjer at utslepp av NO2 og partiklar blir større, enn viss bilen held jamn fart.

– Forsking har vist at ein får best flyt i trafikken med 60 km/t-grense, seier Hagman.

Fleire tiltak

Onsdag er det første dag på ei veke at det ikkje er datokøyring i Bergen. Luftforureininga har vore svært høg den siste veka, og politikarane har lansert fleire tiltak for å bøte på det.

Mellom anna foreslår byrådet i Bergen ei sjokkauke i bompengane. Bilistar kan måtte betale 450 kroner i bom for å køyre til og frå jobb, og tiltaket kan koma allereie neste vinter.